Brann og beredskap | 06. jan. 2024

Nyttige hugsereglar om du skal ferdast på isen

Om du går gjennom isen, ikkje få panikk.

Nyttige hugsereglar om du skal ferdast på isen
Der bekkar renn inn eller ut, som Kvernelva i Hegglandsvatnet i dag, er isen ofte tynnare og svakare. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børneslørdag 06. jan. 2024 07:12

Før jul såg brannvesenet at det var ein del ferdsle på ulike vatn.

I romjula har det vore meir oppholdsvêr og høgare temperaturar, før vi fekk fleire minusgradar rett over nyåret.

No har vi nokre dagar i vente med låge temperaturar, noko som gjer at kanskje fleire ønskjer å å stå på skøyter.

På Bjørnafjorden si heimeside står det at isen blir rekna som farbar når han er minst 15 cm tjukk.

Sjølv om isen er farbar, må du alltid vera varsam og merksam når du ferdast på isen.

Bjørnafjorden brann og redning hadde frå 2016 til 2021 ansvar for måling og skilting av isen på utvalte vatn i kommunen.

– No er det privatpersonar og eldsjeler som tar seg av eventuelle målingar, seier brannsjef Espen Storum.

Han kjem likevel med råd til dei som skal ferdast på isen.

Ha respekt for isen

Storum oppfordrar folk til å følgja isvett-reglane og vera varsam.

– Er du usikker, så stå over. Sjølv om du ser at det er andre ute på isen, så er ikkje det ein god nok indikator i seg sjølv på at det er trygt.

– Dersom uhellet først er ute, og du ramlar gjennom isen, kva skal du gjera då?

– Ikkje få panikk. Forsøk å tenka klart og hald hovudet over vatn. Bruk piggar eller noko anna du kan få godt grep med til å forsøka å dra deg opp.

Det knaka godt i isen då Erik Walden gjekk ut for å vera markør i Tøsdalsvatnet. (Foto: Oddmund Lunde)
Les ògØvde på redning med enkelt utstyr

Brannsjefen anbefaler om du skal gå på isen, å ikkje gå åleine.

Han fortel at om du er saman med nokon som ramlar gjennom isen, er det viktig å ikkje gå for nær når du skal hjelpa til.

– Hald trygg avstand, isen er utrygg nær der vedkommande har gått gjennom. Om du går bort til sjølve holet, så kan du risikera at skadeomfanget blir endå større, og at du òg må reddast.

Han fortel at dersom du har ei line, ein planke, ein stige eller noko du kan kasta bort for at vedkomande skal gripa tak i, så er det til stor hjelp.

– Vi øver mykje på dette, for det er krevjande å redda folk som har gått gjennom isen. Det er vanskeleg utan godt utstyr.

Isvett-reglane

  • Ha respekt for isen. Ver merksam på at isen aldri kan bli heilt sikker overalt.
  • Ikkje gå på is om du ikkje kan svømma. Helst bør du ha prøvd å vera i isvatn, delvis for å kjenna til korleis det er, men like mykje for å kjenna til din eigen reaksjon dersom du kjem i så kaldt vatn. Kan du ikkje svømma, bør du ha på deg ei form for flyteplagg
  • Hald deg på farbar is. Styr unna stader der du bør veta at det er svak is. Du må ikkje gå ut på is som er ujamt tjukk med ujamn bæreevne utan at du har god kjennskap til is og har trent på å oppfatta variasjonar i isen. Med kjennskap til is vil du gå utanom siv, råker, bruer, oddar, utløp, innløp, trange sund, stader der du veit det er grunnar, eller der isen akkurat har lagt seg.
  • Ver spesielt merksam på is om hausten og våren, og på is som er dekt av snø. Nylagt is eller is som nærmar seg å gå opp, er upåliteleg. Snødekka is kan vera skummel fordi du ikkje kan sjå eller merka kor den er svak, før det er for seint. Spesielt merksam skal du vera dersom snøen har lagt seg på isen kort tid etter at isen la seg. 30 cm snø isolerer og gjer at isen ikkje legg på seg.
  • Bruk alle sansane når du går på isen. Isen gir lyd frå seg. Høge og korte lydar er eit varsel om tynn is. Kvit eller grå is er svakare enn mørk is (gjeld ikkje vårisen) og blank is. Is på saltvatn er svakare enn is på ferskvatn.
  • Gå fleire saman. De kan redde kvarandre. Går de litt spreidd, vil de fordela vekta over ei større flate, samtidig som ikkje alle vil gå igjennom på éin gong.
  • Ta med deg tilstrekkeleg sikringsutstyr. Dette avheng av erfaring og kva type tur du er på. Ein godt festa sekk med skiftetøy pakka i vasstett pose, gir oppdrift. Ispiggar er obligatorisk. I tillegg bør du ha ei kasteline med deg.
  • Om du går gjennom isen, ikkje få panikk. Tenk klart, og sjansane aukar for at du kjem deg opp igjen. Forsøk å halda hovudet og øvre del av kroppen mest mogeleg over vatn. Dette vil redusera nedkjøling og auka sjansane for overleving. Kjem du under isen, leit deg fram til der isen er mørkast, der kan det vera ope vatn. Søk alltid etter å komme opp i den retningen du kom frå før du gjekk gjennom. Bruk ispiggar, tollekniv, stav eller ein spiss gjenstand for å hogge tak i isen, og hjelp til med kraftige spark.
  • Om andre går gjennom isen, hald avstand. Bruk såkalla forlenga arm - helst ei redningsline, livreddingsbøye eller anna du kan kaste bort til personen i vatnet. Har du ikkje dette, trekk deg fram på magen og rekk ut ei ski, skistav, eit belte, ei grein eller liknande. Syt for ei form for forankring, så ikkje du blir dratt uti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.