Sport | 02. juli 2020

– Om du bur her, er det gratis å låna elsykkel

Turistkontoret gir flat pedal.

– Om du bur her, er det gratis å låna elsykkel
Elisa Størksen Parnefält og Os Travel byr på utleige til turistar og utlån til innbyggarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juli 2020 07:32

Os Travel har gått sommaren imøte med auka bemanning og nytt utval av aktivitetar.

– Desse elsyklane ser ut til å slå an! fortel Elisa Størksen Parnefält.

Det er kanskje ikkje rart. Det er mange fine plassar å sykla til, men med mindre du trør retning Søfteland er det litt krevjande oppoverbakkar frå Os hamn.

– Elmotoren gir god hjelp, og du styrer sjølv kor mykje assistanse du vil ha. Batteriet rekk i inntil 8 mil, så du kan få ein lett, men lang og fin dag på sykkel.

– Med desse syklane er det enkelt å koma seg opp til Moberg og vidare til Øyane, frå Solstrand og opp til golfbanen, til og frå Lysefjorden eller opp til Nordmarka og inn til Knutabruo.

Låner vekk til innbyggarane i kommunen

Dei fire elsyklane kom på plass i førre veke. Bjørnafjorden kommune har nyleg kjøpt 17 syklar. 13 av dei blei plasserte ut på ulike einingar, for bruk av tilsette, dei 4 siste er det Os Travel som styrer bruken av.

– Vi har to til utleige til turistar og to til gratis utlån til innbyggarar i Bjørnafjorden kommune. Som innbyggar kan du ringa eller koma innom, og få deg ein fin dag på to hjul, heilt gratis.

Du kan leiga syklane i 1 time, 3 timar eller heile dagen. Eller låna, om du bur her.

Ho held no på å setja opp fleire anbefalte for turistar og innbyggarar som vil vera turist i eige nærområde.

Kva med ein gratistur til Tysnes?

– Eg merker ruta i kart og skildrar noko av det du kan sjå på turen, som Det historiske tunet på Lyngheim.

– I tillegg er det mange fine tilbod om du vil ut av bygda. Du kan ta ferje gratis til Venjaneset eller Våge, og sykla ein runde i Fusa eller på Tysnes.

– Eller du kan betala nokre kroner for å ta Hardangerfjordekspressen til Malkenes, for så å sykla til Våge og gratis med ferje til Halhjem.

Svaneforma «hamnesykkel»

I fjor kjøpte Os Travel inn to trøbåtar, forma som svanar.

– Vi har selt den eine, men har greit med utleige på den andre.

Svanebåten kan leigast for 30 minutt eller lengre, og har vore ein del i bruk godvêrsdagane i juni.

Svaner har prega Os hamn dei siste åra. Den til høgre er for utleige. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Svaner har prega Os hamn dei siste åra. Den til høgre er for utleige. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bubil, båtfolk og badeleikar

Elisa er student, og har sommarjobb hos pappa Hans Parnefält i Os Travel.

– Det er godt å vera to. Ofte skal vi ut og hjelpa folk, eller visa noko, og det hender vi har fleire innom med ulike spørsmål, seier Hans.

Os Travel har to engasjement for kommunen; å driva turistinformasjon og å vera hamnevert.

– Vi har i utgangspunktet ope frå tysdag til laurdag, men bur i nærleiken og er fleksible om nokon ringer nummeret på døra utanom opningstida.

Dei loggfører besøka for å kartlegga kva turistar etterspør.

– Mange spørsmål handlar om restaurantutval, parkering og reiseruter - og kvar dei kan kasta boss eller gå på toalettet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.