Kultur | 18. mai 2020

Os Amcar med knirkefri kortesje

Steinar Håland og Os Amcar Club var strålande nøgd med gårsdagens 17.maikortesje.

Os Amcar med knirkefri kortesje
Steinar Håland stod for organiseringa til Os Amcars 17.maikortesje. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 18. mai 2020 13:51

Bildeserie:

Ein lilla Corvette med ein småfrekk hekk. (Foto: ØH)
Ein lilla Corvette med ein småfrekk hekk. (Foto: ØH)
Gode dekk og felger må på plass.(Foto: ØH)
Gode dekk og felger må på plass.(Foto: ØH)
Dei norske flagga passar godt som pynt på flotte bilar. (Foto: ØH)
Dei norske flagga passar godt som pynt på flotte bilar. (Foto: ØH)
Gult er kult. (Foto: ØH)
Gult er kult. (Foto: ØH)
Den eine tøffare enn den andre. (Foto: ØH)
Den eine tøffare enn den andre. (Foto: ØH)
Litt bjørk må ein ha. (Foto: ØH)
Litt bjørk må ein ha. (Foto: ØH)
Alt ligg i detaljane. (Foto: ØH)
Alt ligg i detaljane. (Foto: ØH)
Hissigpropp med fartsstriper. (Foto: ØH)
Hissigpropp med fartsstriper. (Foto: ØH)
Litt flammar fungerar òg. (Foto: ØH)
Litt flammar fungerar òg. (Foto: ØH)
Her skjuler det seg nok eit par ponniar under pansaret. (Foto: ØH)
Her skjuler det seg nok eit par ponniar under pansaret. (Foto: ØH)
1 av 10

Med over 30 nypolerte amerikanske draumebilar, skulle Os Amcar Club kasta glans over Osbygda med ein lang og flott kortesje.

Med ei rute som starta på Er-An Veikro, som skulle sikksakka seg gjennom bygda frå Lysekloster til Bjørnen, vart det mange skodelystne osingar som fekk sjå glinsande hestekrefter gli gjennom tettbygde nabolag.

– Dette var ei kjekk oppleving! Alt gjekk etter planen, og det kunne ikkje vore betre. Forutan to bilar som vart litt overoppheta grunna for lågt tempo, gjekk resten av kortesjen knirkefritt, påpeikar ein glad Steinar Håland.

Godt oppmøte i årets 17.maikortesje. (Foto: ØH)
Godt oppmøte i årets 17.maikortesje. (Foto: ØH)

Svingete sjansespel

På veg frå Lysekloster gjekk turen i retning Os sentrum, og då skulle heile kortesjen køyra ned svingane i Søvikåsen. Det gjekk heldigvis fint.

– Det er jo alltid eit sjansespel å køyra med over 30 bilar på rad og rekke ned Søvikåsen. Vi møtte på nokre bilar som var på veg opp, men dei fann heldigvis ei ledig lomme i eine svingen og fekk eigentleg ein god plass til å betrakta kortesjen til han var komen forbi, seier Håland.

Godt oppmøte langs vegane

Dei flotte bilane fekk både skina og kasta glans i strålande sol, men også i striande regn. Håland var imponert over oppmøte langs dei ulike plassane i bygda.

– Det var mange som hadde stilt seg opp for å vinka og sjå på oss, det var veldig kjekt for begge partar.

– Vi vart litt tidleg ute i Lysefjorden, og vi såg at alle starta å løpa fram til skuleplassen for å sjå oss, så der måtte vi bruka ekstra god tid på å snu, påpeikar Håland.

I videoen under kan du sjå delar av kortesjen å dei køyrde gjennom Øvre Varåsen.

Sjølv om 17.mai vart amputert i år, vart dette eit tiltak som mange sette pris på. Os Amcar Club sitt bidrag var flott, men det er ikkje sikkert det blir gjentatt.

– Vi tenkjer jo sjølvsagt at dette var kjekt, men vi vil vel alle saman tilbake til ei normal feiring, avsluttar Håland.

Det er ikkje berre mannfolk som kjøyrer bilar fullstappa med hestekreftar. Kvinnfolk i bunad kan ta klampen i bånn også. (Foto: ØH)
Det er ikkje berre mannfolk som kjøyrer bilar fullstappa med hestekreftar. Kvinnfolk i bunad kan ta klampen i bånn også. (Foto: ØH)

UNDER: Sjå stor bildeserie med mange kule bilar! (Synleg for pålogga abonnentar)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.