Os sentrum har luft i magen
Gamal kloakk har skapt trøbbel i Os hamn, no skal det prompast.
Utanfor kaien i Os sentrum kan vi skimta eit gamalt røyr som stikk seg opp i overflata. Gitle Smaadal frå Bjørnafjorden brann og redning forklarer kvifor.
– Dette er det gamle utsleppsrøyret til Os. Dette røyrsystemet har ikkje vore i bruk sidan det nye røyrsystemet inn mot Ohara kom i drift.
– Det som mest sannsynleg har skjedd, er at det har vore restar av gamal kloakk i dette gamle røyrsystemet. Denne kloakken har ròtna, og det har blitt danna ein del gass. Dette har ført til at delar av røyrsystemet har stige til overflata, fortel Smaadal.
Tarmskylling
Røyrsystemet skal no handterast og senkast.
– No vert det festa 25 tonn med lodd på dette røyret, i tillegg skal vi spyla frå bakpluggen og skubba ut denne gassen. Røyret vart då fyllt med vatn, som òg vil bidra til at det synker.
Spylinga vil òg føra til at gassen kjem ut - i ein stor promp lengre ute i hamna.
Utsleppet av denne gamle kloakken og gassen vil skje ute i gamle «måsadotten», som ligg rett utanfor bølgebrytarane.
– Dette vil bli gjort i løpet av få dagar, så eg vil oppmoda publikum om å ferdast forsiktig kring dette røyret, avsluttar Smaadal.
I mellomtida kan vi håpa på frålandsvind dei neste dagane ...
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.