Kultur | 05. juni 2020

Oseana trappar opp sommarprogrammet

Humor og musikk: Aukar publikumskapasiteten og lanserer fleire arrangement.

Oseana trappar opp sommarprogrammet
Christoffer Schjelderup, Bjarte Hjelmeland og Nornekoret er blant dei som står på scenen i Oseanasalen i sommar.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juni 2020 13:43

Oseana var blant dei første som stengte dørene då smitteverntiltaka blei innførte i mars, og publikum måtte finna seg i utsette konsertar, utstillingsopningar, vinsmaking og standup.

Så opna kulturhuset gradvis opp igjen, og 20. mai lanserte ni år gamle Oseana sitt første sommarprogram nokosinne.

– Det har blitt godt mottatt! Vi startar i kveld med to konsertar i Griegsamlinga med Eirik Søfteland, der den første er utselt og den andre har få plassar igjen, seier arrangementssjef Berit Steen.

Berit Steen ser fram til ein meir aktiv sommar i Oseana enn nokon gong før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Berit Steen ser fram til ein meir aktiv sommar i Oseana enn nokon gong før. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Seinare kjem Heine Bugge (trekkspel), kjent frå Polkabjørn og Kleine Heine, som var morosam, raud tråd gjennom heile opningsfesten 17. juni 2011.

På programmet står òg morgon- og føremiddagskonsert med Hans Marius Andersen (trompet) med band, vernissasje og yoga.

– Mykje av dette har selt godt allereie. Eg gler meg sjølv til både å høyra Heine igjen og å tilby ein formiddag med tre konsertar med Hans Marius.

Aukar frå 50 til 200 gjestar

Berit Steen gler seg ikkje berre over god respons på sommarprogrammet, ho har meir i ermet. I skrivande stund er første del av det utvida programmet i ferd med å bli lagt ut på nett.

– Det meste skal vera på Ticketmaster no, og vi vil fram til måndag jobba med å publisera programmet på eigne heimesider, seier Berit.

Kapasiteten blir òg utvida - frå 50 til 200 gjestar per arrangement. Neste del av sommarprogrammet blir i Oseanasalen.

– Der vil vi selja annakvart sete og maksimalt 200 billettar. Dette er i tråd med opptrappinga regjeringa lanserte 7. mai, som gjeld frå 15. juni, og klarert med lokal smittevernlege.

Dessutan er programmet utvida. Om vi ser juni, juli og august totalt har Oseana over 20 arrangement, mot normalt 4-5 desse tre sommarmånadane.

Kor, korps, country og standup

På det utvida programmet står både standup med Christoffer Schjelderup og countrymusikk av Bjarte Hjelmeland.

– Folk er nok mest vant med å sjå Hjelmeland som skodespelar, men han er flink å synga og kjem til Os for å spela nokre av favorittlåtane sine.

Repertoaret består av låtar av blant andre Erik Bye, Bob Dylan, Alf Prøysen og ulike countryartistar.

– Schjelderup har hatt suksess hos oss før, både med Julegøy 2 og med eige show er han blant dei som fekk flest til å le hos oss i fjor.

Fleire lokale kor og korps er òg del av sommarprogrammet.

– Vi har møtt mykje velvilje i nærmiljøet, og det er vi veldig glade for. Aktørane har takka ja og er innstilte på å stilla på ganske kort varsel, trass ein vår med lite sjanse til å øva samla.

I løpet av sommaren får du både sommarkonsert med Fonos, etter gamalt, og konsert med Os Mannskor saman med Nornekoret og Os kammerkor.

Os kammerkor, her i foajeen i Oseana i juni i fjor. (Foto: KVB)
Os kammerkor, her i foajeen i Oseana i juni i fjor. (Foto: KVB)

– Eg blei veldig glad då Berit spurde, og responsen frå kormedlemmane var enorm. Eg hadde venta at vi måtte stilla med ei gruppe frå koret, men det rann inn med «ja», så vi stiller så og seia alle, fortel Fonos-dirigent Stine Kobbeltvedt.

No har dei fem øvingar på seg til å spreia sommarglede i Oseana.

– Os Musikkforening, som mista Før NM-konserten grunna korona, stiller opp, det same gjer Os skulekorps og Lysehornet skulebrass.

Dei lover eit lettbeint program med alt frå Star Wars til Månemannen på repertoaret for korpshelga.

Os Musikkforening er blant korpsa som speler i Oseana i juni.
Os Musikkforening er blant korpsa som speler i Oseana i juni.

– I tillegg, etter den gode responsen på Eirik sine konsertar i Griegsamlinga, vil vi legga til rette for eit større publikum i starten på juli, seier Berit.

Då går unge Søfteland opp ein etasje, i Oseanasalen, og har med seg fleire musikarar og eit utvida repertoar.

Eirkk Søfteland speler i Griegsamlinga i juni. I juli går han opp eit nivå i etasje og publikumsmengd. (Foto: Ørjan Håland)
Eirkk Søfteland speler i Griegsamlinga i juni. I juli går han opp eit nivå i etasje og publikumsmengd. (Foto: Ørjan Håland)

Sommarprogrammet - kronologisk
I kveld: To konsertar med Eirik Søfteland (maks 50)
Søndag 7. juni: Bygdekino (maks 50)
Fredag 12. juni: 2 x Eirik Søfteland i Griegsamlinga (maks 50)
Laurdag 13. juni: Tre morgon- og formiddagskonsertar med Hans Marius Andersen (maks 50)
Laurdag 20. juni: Oseana Ølfestival: Heimebryggjarkonkurranse
Laurdag og søndag 20. og 21. juni: Korpshelg med Os Musikkforening, Os skulekorps og Lyshornet skulebrass.
Fredag 26. juni: Standup med Christoffer Schjelderup
Laurdag 27. juni: Heine Bugge - trekkspel
Søndag 28. juni: Sommarkonsert med Fonos
Laurdag 4. juli: Mindful yoga i kunstsamlinga - med frukost
Laurdag 4. juli: Eirik Søfteland i Oseanasalen
Fredag 31. juli: Countrykveld med Bjarte Hjelmeland
Laurdag 8. august: Mindful yoga i kunstsamlinga - med frukost
Laurdag 15. august: Standup med Pernille Sørensen
Laurdag 22. august: Korkonsert med 3 frå Os; Os Mannskor, Os Kammerkor og Nornekoret
Laurdag 29. august: Jord og Hav - med Tove Bøygard og Tom Roger Aadland
Søndag 30. august: Garborg i ord og tonar

I haustprogrammet finn vi blant andre Jan Eggum, Vinskvetten, Tommy Steine, Ephemera, Halvdan Sivertsen, Vidar Johnsen og Eva Weel Skram.

Os kammerkor, her i Oseana i juni i fjor. (Foto: KVB)
Os kammerkor, her i Oseana i juni i fjor. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.