Kultur | 05. juni 2024

Osing fann 3000 år gamal øks

Det er ikkje mange av desse, og dei andre er funne på Austlandet og Trøndelag.

Osing fann 3000 år gamal øks
Funnet på Fitjar. (Foto: Silje Christine Alvsaker/Vestland fylkeskommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. juni 2024 11:09

Brørne Eirik og Brynjar Ulvatne frå Os har hatt søk med metalldetektor som hobby i over ti år.

I.oktober gjorde dei nokre funn på Fijar som bli skildra som sensasjonelle, og kan leia til full utgraving.

Fredag gjorde Eirik eit anna og eldre funn - også det på Fitjar.

– Eg har fått ny detektor, og gjekk og vaste med den for første gong. Så fekk eg eit forferdeleg fint utslag, sa Eirik Ulvatne til BT, då dei omtalte funnet søndag.

Funnet er ein celt, eller ei holkøks, frå bronsealderen.

Det har vist seg at den er frå tredje periode av bronsealderen, altså 1100 til 1300 år før vår tidsrekning.

– Det er ikkje mange av desse. Dei som er funne er funne på Austlandet og i Trøndelag, seier arkeolog Jostein Aksdal i Vestland fylkeskommune.

Tysdag skreiv Vestland fylkeskommune om funnet.

– Øksa er nok plassert der, det kan ha vore eit offer. Ho er ikkje hogd ved med og har ikkje vore i bruk, seier Aksdal ifølgje vlfk.no.

Han fortel at det har blitt laga bronseøkser i området, men at det ikkje er bronse her. Øksa kan difor ha komme langvegs frå før ho enda på Fitjar.

Holkøksa skal no til Universitet i Bergen (UiB) for å bli røntgenfotografert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.