Lokal | 07. mai 2020

Over 50 isolasjonsplater skadd av hærverk

Os Idrettspark har fått tips, og ber syndarane melda seg.

Over 50 isolasjonsplater skadd av hærverk
Minst 50 takplater i parkeringskjellaren på Kuventræ har skade. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. mai 2020 12:38

Fleire isolasjonsplater i taket på garasjeanlegget til Os Idrettspark og Osbadet er skadd.

– Vi fekk tips om dette tysdag. Det skal ha skjedd litt tidleg på kvelden, fortel dagleg leiar Torbjørg Brattabø.

Ifølgje meldar kasta dei steinar og sparkesyklar i taket.

Minst 50 takplater er skadde, minst fire steinar heng framleis igjen i taket, og kan skada bilar om dei lausnar og ramlar ned.

Steinane må ned og takplatene må skiftast etter hærverk i garasjeanlegget. (Foto: KVB)
Steinane må ned og takplatene må skiftast etter hærverk i garasjeanlegget. (Foto: KVB)

Får frist til i kveld

Leiinga i Os Idrettspark har fått detaljert tips, og reknar med dei finn ut kven som står bak.

– Tre personar i ein ungdomsgjeng på fem-seks personar skal ha vore aktive. Dei har kanskje blitt rastuase av to månadar med heimeskule, og dei angrar sikkert i dag. Om desse melder seg i kveld, og kjem for å rydda og kosta, så melder vi ikkje forholdet til politiet i morgon.

Brattabø veit ikkje kva prisen kjem på, for å erstatta takplatene, men seier dei har nokre i reserve og bestiller inn fleire nye.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.