Kultur | 01. mai 2020

Overraska over bestseljar

No doblar Cappelen mengda lydbøker frå Arnfinn Haga.

Overraska over bestseljar
Arnfinn Haga og nokre av bøkene som no er spelte inn. (Ill/foto: Cappelen Damm/Jakob Østheim, Sjøforsvaret)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. mai 2020 09:07

Forfattar Arnfinn Haga fekk nyleg oversikt frå forlaget sitt, Cappelen Damm. 9 av dei 40 bøkene han har skrive er spelte inn som lydbok.

– Lydboka som toppa var «Kongens tog kapret», ein såkalla spenningsroman som eg skreiv for 26 år sidan (1994), fortel Arnfinn til Midtsiden.

Av 40 bøker er 37 av dei om med emne frå okkupasjonens tid, noko han har fått fleire prisar for. I 2003 blei Haga tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull for sitt forfattarskap. I 2018 blei han tildelt både Stiftelsen Espeland fangeleirs pris og Forsvarsmedaljen med Laurbærgren.

Så kjem boka «Eva» (om skodespelar Eva Bergh) og ei mindre bok om Lyse Kloster.

– «Kongens tog kapret» er den einaste boka eg har skrive ut frå fri fantasi. Det var både uventa og gledeleg at denne er bestseljaren min innan lydbøker.

– Etter 37 bøker om lokal krigshistorie, endrar du no retning for forfattarskapen?

– Nei. Nokon ny roman frå mi side vert det vel ikkje, for meg gjev det framleis best meining å skriva om slikt som verkeleg har hendt. Men det var moro å sjå denne lista.

Meir enn dobla utval av lydbøker frå Haga

Haga jobba som lektor til han i 1975 blei forfattar på heiltid. Han har halde seg til Cappelen i 41 år.

– I tillegg til vanlege bøker kjem ein del som e-bøker og lydbøker. Til no finn vi fire av bøkene mine som e-bøker og ni som lydbøker.

Blant dei siste er «Nødlanding», om den utrulege aksjonen i Os for å berga det kanadiske flymannskapet på seks mann. Aksjonen sitt 75-årsjubileum blei markert på storstilt vis i Os i fjor, med ei rekkje gjestar frå Canada.

No melder Cappelen Damm at dei vil gje ut 11 bøker til av dei Arnfinn Haga tidlegare har skrive, som lydbøker. Det er skodespelarar og andre profesjonelle opplesarar som les inn bøkene.

Samanlagt får du med andre ord over halve forfattarskapen til Arnfinn Haga på øyra.

Om dei fire bøkene vist i bildet øvst - alle tilgjengelege som lydbøker:

KONGENS TOG KAPRET
Toget fra Bergen til Oslo er kapret på Finse. På dette toget befinner også Kong Harald seg. Kaprerne er profesjonelle, de stiller harde krav og vil kun forhandle med statsministeren personlig.

NØDLANDING
Høsten 1944 nødlandet et rykende Wellington bombefly i Os, med en besetning på seks kanadiere. De hadde vært på ubåtsøk i Nordsjøen. Utrolig nok overlevde alle landingen uten mén å snakke om, og på dette vilt fremmede stedet rakk de å stikke seg bort i et skogholt før tyskerne var på pletten.

LANG FLUKT
Med en dødsdom hengende over seg flykter to menn over fjellene i Norge. Det er høsten 1941 og telegrafist Erling Marthinsson og Carl Müller har rømt fra den tyske fangeleiren Ulven.

SKYGGEN
En av dem som spilte en sentral rolle i den militære delen av motstandskampen i Bergens-distriktet, var Louis Pettersen. Forsiktig og rådsnar på samme tid, stod han sentralt i spillet bak kulissene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.