Kultur | 27. feb. 2020

Øvredal stiller på Torden-premiere i heimbygda

Hollywood-regissør André Øvredal på kino i Oseana og etterfest i Vognhallen.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 27. feb. 2020 14:34

Regissøren André Øvredal frå Os er i helga tilbake i heimbygda med sin nye storslegne film, «Torden», ein norrønsk film spelt inn i Hardanger.

Oseana, som har ordinær bygdekino søndag, viser Øvredal sin film laurdag kveld, med regissøren i salen.

Ein av dei lokale filmentusiastane i Salongfestivalen, Ole Henning Bøe, gler seg stort til både premieren og etterfesten han er med på å arrangera.

– Eg vart kontakta av Einar Loftesnes, ein av Øvredal sine produsentar, som spurde om vi hadde lyst til å få i gang ei spesialvising her på Os. Det er jo noko vi har gått å venta på, og vi skal sjølvsagt heidra han så godt vi kan. Etter vising i Oseana tar vi etterfest i Vognhallen.

– I Vognhallen kjem Kultursjefen i Bjørnafjorden kommune for å heidra Øvredal, og vi skal sjølvsagt gjera stas på han på vår unike måte òg, fortel Bøe.

Regissør, produsentar og skodespelarar

Det vert nok ikkje bare Øvredal som kjem på besøk til Os, det ser ut som både produsentar og skodespelarar også stiller.

– Ja, det ser sånn ut. Skodespelar Iben Akerlie er eit namn som er blitt nemnt, så vi er verkeleg spente, avsluttar Bøe.

Regissøren sjølv ønskjer velkomen på denne måten;

André Øvredal inviterer til Torden-premiere i Oseana 2020 from Midtsiden on Vimeo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.