Sport | 25. mars 2021

På jakt etter postar, skulpturar og fotomotiv

Os Orienteringsklubb er glade for å kunna tilby fleire og nye løypar i årets program.

På jakt etter postar, skulpturar og fotomotiv
Os Orienteringsklubb er glad for å kunna tilretteleggja turorientering i og rundt Os, både i skogen og i meir urbane strøk. (Foto: Venla Snilstveit)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 25. mars 2021 14:13

I fjor sto Os Orienteringsklubb klar med «koronafri påskeløype» tidleg i pandemien, no er dei glade for å kunna by på ny løype.

Årets utval skal passa bra både til søndagsturen med familien og treningstur åleine.

– Vi har tilrettelagt for ulike nivå. Vi har postar for både nybyrjarar, litt trente og for vidarekomne, seier Marie Pontoppidan frå Os Orienteringsklubb.

Oppdaterte kart

– I år har vi sett ut postar i skogen på Røtinga og på Balandsneset (utanfor Drange). Mange av våre faste turorienterarar liker seg godt i skogen, og vi har difor planlagt fleire fine turar i desse skogsområda.

– På Røtinga er det mange stiar og fleire er nok godt kjent med dei fine badeplassane og dei mange benkane ein kan nyta nista si på.

– Balandsneset byr på ytterlegare orienteringstekniske utfordringar, men også her er det kome ein del fleire stiar dei seinaste åra, seier Pontoppidan.

Foto-objekt og kunst i staden for postar

I tillegg til tradisjonell orientering, har Os Orienteringsklubb laga foto-orienteringspostar på Kuventræ, med temaet «vinter».

– Foto-orientering skilj seg litt frå vanleg orientering med at det ikkje er postar i terrenget. I stade har du eit ark med bilde. Når du står på punktet i kartet, skal du kjenna igjen eit bildet på arket, seier Pontoppidan.

– Vi har òg laga til ei kort løype på Osøyro som vil gleda kunstinteresserte. Her skal du finna fem skulpturar i Os sentrum.

Gratis turar i grøne løyper

Postane i turorientering heng ute til oktober og løypene kan du gå eller jogga kor tid du vil. Nokre vel å ta mange postar på ein lengre tur, mens andre tar få postar om gongen, for å få mange turar.

– I år har vi tre gratis grøne turar, to på Kuventræ og éin på Osøyro.

– Grøne turar er veldig lette og kan vera ein fin start for dei som har lyst til å prøva seg. I tillegg er det også mogleg å ha med barnevogn eller rullestol på desse turane, avsluttar Pontoppidan.

Dei andre kan kjøpast både på appen Turorientering og hos utvalte butikkar i Os; Jernia, Falk Sport og Buena.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.