Fotball | 10. juni 2019

På talentleir med dei beste i Noreg igjen

Då Nora B. Nøss kom heim frå skulen torsdag, oppdaga ho uttaket til Equinor Talentleir.

På talentleir med dei beste i Noreg igjen
Nora B. Nøss på Equinor Talentleir i mars. I slutten av juni skal ho på ny leir med landslagsleiinga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. juni 2019 09:59

– Talentleiren er ein viktig arena med tanke på spissing og finsikting inn mot landslag, men først og fremst skal det vera ein inspirasjonsarena, seier fagansvarleg for landslagsskulen i NFF, Håkon Grøttland til fotball.no.

Nora Blindheim Nøss frå Os Fotball var i mars del av uttaket til den første nasjonale samlinga for dei største fotballtalenta i Noreg i 2005-årgangen.

I løpet av samlinga i Sarpsborg var Nora ei av to jenter som blei intervjua av NFF TV - sjå videoen her (fotball.no).

– Det var veldig lærerikt og gøy! Vi trente fredag, spelte kamp laurdag, trente søndag og spelte ny kamp måndag. Innimellom var det fleire møte, vising av videoar og foredrag som handla om både kosthald og korleis vi skal jobba saman som lag, fortel Nora til Midtsiden.

Ikkje alle fekk vera med vidare

I slutten av juni er det ny samling i Porsgrunn. Torsdag kom uttaket.

– Eg var veldig spent og følgde med på nett sjølv, fortel Nora.

I mars var det 39 jenter i 2005-årgangen i uttaket, no er det 42. Men berre 3 av dei 5 frå Hordaland som deltok i mars er med no i juni.

– Eg oppdaga uttaket då eg kom heim frå skulen, og blei veldig glad! Eg ringte pappa med éin gong!

Dei to andre frå Hordaland er Ragnhild Eikeland Skage (Bønes) og Amalie Mørner (Loddefjord). Sjå heile uttaket på fotball.no.

Tre årstrinn

Nora fyller 14 år til hausten. På J14-nivå er tatt ut to sidestilte tropper.

Det er jenter 16, 15 og 14 år som deltar på Equinor Talentleir denne helga. Sidan J16-landslaget skal delta i nordisk meisterskap er det berre tatt ut eit skyggelandslag i J16.

På J15 er det tatt ut både landslag og skyggelandslag, der Maria Østervold (Arna-Bjørnar) er tatt i ein landslagstropp og Savanna Duffy (Åsane) på skyggelandslaget.

Uttaket er gjennomført av J16-landslagstrenar Harry Hansen, J15-landslagstrenar Elise Richardsen og fagansvarleg for landslagsskulen, Håkon Grøttland.

Equinor Talentleir blir arrangert i Porsgrunn frå 29. juni til 3. juli.

Seinare i sommar skal Nora delta i Norway Cup med Os gutar 14.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.