Sport | 15. juli 2015

Passerte 14.000 følgjarar på Instagram

Sondre Ødegård Aksnes sine fotballtriks er spreidd over heile verda.

Passerte 14.000 følgjarar på Instagram
Sondre Aksnes øver i garasjen gjennom vinteren, men finn no stadig nye plassar å filma for å gje følgjarane videoar med variasjon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juli 2015 06:53

Osingen Sondre Ødegård Aksnes, som fyller 17 år til hausten, har dei siste åra vore aktiv innan freestylefotball.

Les òg: På triksecamp i Os og Møtte nye triksetalent (begge med video)

Han har også lasta opp korte videoar på nett, noko som no har spreidd seg til svært mange.

– Eg delte videoar fordi eg sjølv har lært mykje av å sjå andre sine filmar, og for å bli kjent med andre som triksar.

Først delte han filmane på YouTube, så på Instagram, der du berre får lagt ut 15 sekund lange klipp.

– At det skulle gå så langt hadde eg aldri trudd, seier Sondre til Midtsiden.

Størst i Os på Instagram?

Fleire personar og bedrifter i Os er aktive på bilde- og videodelingstenesta Instagram.

Musikarane Aurora (auroramusic) og Maya Vik (mayavik) er blant dei med flest følgjarar, 11.000 og 5.995 i skrivande stund.

– Det svingar litt, nokon kjem til mens andre sluttar å følgja deg. Eg passerte 14.000 i helga, måndag sto det 13,9k, fortel Aksnes, som truleg er den i Os med flest følgjarar på Instagram.

Han publiserer på profilen «sondrefreestyle».

Fotograf og bloggar Tonje Kyte har endå fleire, 17.700 med «foreverloveblog» (oppdatert).

Blant butikkar i Os er interiør tydelegvis populært, Nordisk Rom har heile 9003, Lysthuset har 1853. Til samanlikning har Instgram-ferskingen Midtsiden, til liks med Os kommune, knappe 100.

Fersk film frå Spania

Sondre seier følgjarane ventar ny snutt kvar dag, noko som kan gjera det litt travelt å vera populær.

– Fleire av følgjarane mine, blant anna dei frå Storbritannia, tar kontakt viss det går for lang tid mellom kvar video. Det gjeld å finna nye triks og nye omgjevnadar å visa dei i, fortel han.

Youtube er framleis i bruk, i går kveld la han ut denne videoen frå ferie i Spania no i juli.

– Kva konkurransar er du med på i år?

– I vår deltok eg i Azun Challange, til hausten blir det NM. Eg vurderte også å reisa til VM i Tjekkia, men det passa ikkje å ta turen.

– Seinare i juli skal eg til Norway Cup og spela med eit av juniorlaga til Os, men det blir nok også litt triksning på Ekeberg, seier sjongløren frå Kuvågen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.