Lokal | 11. mars 2021

Pipebrann og velta tre

Politi og brannvesen rykte ut til Søre Neset.

Pipebrann og velta tre
Illustrasjonsfoto/arkivbilde. (Foto: Varde Film)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. mars 2021 08:12

Onsdag fekk politi og brannvesen melding om pipebrann på Søre Neset.

– Det var ein nabo som varsla. Vedkomande såg flammar ut av skorsteinen på huset, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det var folk i huset, men inneklima var ikkje påverka.

– Vi har hatt få pipebrannar i år, sjølv om vinteren har vore kald. Denne blei, som dei fleste, udramatisk, seier utrykkingsleiar Gitle Smaadal frå Bjørnafjorden brann og redning.

Når brannvesenet kjem fram, har som oftast huseigar sjølv stengt av trekken. Så firer brannvesenet ein feiekost ned pipeløpet og tar ut glørne i botnet. Det blei, som vanleg, gitt fyringsforbod fram til pipa er inspisert, men dei kunne fint bli verande i huset etterpå.

Velta tre over Hatvikvegen

Klokka 11.38 onsdag formiddag fekk politiet melding om eit tre som hadde velta over Hatvikvegen.

– Mindre bilar kunne passera, men meldar frykta at større bilar ville ha problem med å koma seg under treet, og at treet skulle velta heilt ned på asfalten.

Politiet rykte ut på staden, og varsla Vegtrafikksentralen, så dei kunne senda entreprenør på ryddeoppdrag.

Sakna båt

– I løpet av gårsdagen fekk vi òg melding om ein sakna jolle i Bogstrandvegen. Båten forsvann for nokre dagar sidan, og kan vera på rek. Meldar ville seia ifrå for å hindra at båten utløyste reningsaksjon.

Politiet har ikkje notert noko skildring av jollen, som altså kan vera på rek i Samnangerfjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.