Kultur | 23. des. 2020

Plan A, B og C for Tysnesfest

Korleis er salet? Kor tid må dei bestemma seg?

Plan A, B og C for Tysnesfest
Dagleg leiar i Tysnesfest, Øystein Vaage. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. des. 2020 09:19

Laurdag 25. april var det klart at årets Tysnesfest, som fleire andre festivalar, blei avlyst grunna koronapandemien.

– Vi hadde då 1.500 førehandsselte billettar, som er det doble i forhold til tidlegare år. Det var ei trist og rar oppleving å legga ut den meldinga, seier dagleg leiar i Stiftinga Tysnesfest, Øystein Vaage.

I slutten av mai var dei fleste artistane på årets plakat booka om til 2021, i juni sa òg dei internasjonale discostjernene frå 1970-talet, Village People, ja til å koma til Tysnes neste år.

Samtidig opplevde arrangørane ei enorm støtte blant dei som hadde plan om å vera publikum.

– Over halvparten av dei som hade kjøpt dagsbillett eller festivalpass takka ja til verdikupong som dei kan kjøpa billett for til neste år. Mange donerte òg årets kjøp av billett eller bryggeplass, for å kjøpa ny i 2021, noko som resulterte i rundt 100.000 kroner i sponsing.

Plan A til Å

I sommar selte dei endå fleire billettar. Etter smittebølge nummer to har billettsalet no tatt seg opp igjen, og arrangørane ligg langt framfor tidlegare år med tanke på sal til 2021.

– Kor stor sjanse er det for at det blir Tysnesfest i 2021?

– Vi har definert ulike scenarie, frå plan A til plan C, der plan C er å arrangera festival på dagens smittevern-nivå. Å ikkje arrangera Tysnesfest i 2021 er plan Å, seier Vaage.

– Det tar tid med praktisk gjennomføring, og det er ulike inntektspotensiale frå plan A til C. Kor tid må de ha ei avgjerd?

– Det er klart at om det blir plan C, med 600 på Gjerstad, så kan vi ikkje leiga inn artistar for 4-5 millionar kroner.

– I slutten av februar bør vi veta kva nivå vi skal legga oss på. Samtidig har vi ein plan for oppskalering, om vi for eksempel går for plan B, men at det i løpet av våren viser seg at vi kan køyra plan A.

– Kva er den mest sårbare delen av festivalen? Er det festivalcamp eller innandørskonsertane?

– Det er nok kombinasjonen. Sjølv om vi skulle delt hovudarenaen Gjerstad (utandørs) i tre sonar, går folk kvar til sitt etterpå, nokre på campen, nokre i hamna, andre reiser heim.

– Det vi håper på er at vaksinasjonen skal gå unna, og at det kjem gode hurtigtestar, sånn at sommaren blir trygg sjølv om viruset gjerne ikkje er heilt utrydda.

Tysnesfest 2021, 7. til 11. juli: Sånn ser plan A ut før programmet er ferdig spikra.

Torsdag:
Bjørn Eidsvåg
Vinskvetten
Hellbillies
Stavangerkameratene
Hjerteslag (på Såto OG på Gjerstad)

Fredag:
Highasakite

Laurdag:
Staysman&Lazz
Vidar Villa
Village People
Car.pool
Kapteinen
TIX

Fekk rekordsommar likevel

Sjølv hadde Øystein plan om å rømma frå Tysnes i det som skulle vera festivalveka i år. Han ville sleppa å sjå Våge hamn tom for båtar. I staden blei han heime, travelt opptatt med å senda søknadar om støtte og med å bygga hus.

– Alt i alt har Tysnes kome greit ut av det. Ser vi vekk frå den manglande festivalen har det vore rekord i Våge hamn.

– Mange butikkar har gjort det veldig bra, fleire folk har flytta til Tysnes og Mandelhuset og andre delar av kulturbransjen har skapt mykje god underhalding.

Tysnes har blant anna hatt konsert med Morten Abel, Ausekarane, Vinskvetten, Helene Bøgsle og Eva Weel Skram.

– Patrick Madsen på Mandelhuset fekk, velfortent, årets kulturpris av Tysnes kommune, fortel Vaage.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.