Politi | 26. apr. 2021

Politiet ber om tips: Kven lagde dette bedet?

Grunneigar ved Kuventræ gravplass registrerte bedet i kveld.

Politiet ber om tips: Kven lagde dette bedet?
Politiet ønskjer kontakt med vedkomande som har laga dette bedet. (Foto: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. apr. 2021 20:59

Politiet har i kveld blitt kontakta av ein privatperson med adresse i Kuventrævegen etter funn av eit bed på eigedomen til vedkomande.

– Bedet er på ein privat eigedom ved sti som går langs Ulvenvannet og Kuventræ gravplass, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Politiet ønskjer at vedkomande som har planta bedet tar kontakt, så vedkomande kan setjast i dialog med huseigar.

– Det er ikkje mistanke om eit straffbart forhold, understreker politiet i pressemeldinga.

Men dei seier heller ikkje noko meir om kvifor grunneigar ønskjer kontakt med vedkomande som har laga bedet.

– Verken vi eller grunneigar har fleire opplysingar om bedet.

Bedet består av ulike planter, på privat eigedom ved sti langs Ulvenvatnet nær Kuventræ gravplass. (Foto: Politiet)
Bedet består av ulike planter, på privat eigedom ved sti langs Ulvenvatnet nær Kuventræ gravplass. (Foto: Politiet)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.