Sport | 31. okt. 2020

Rask jakt og uvanleg store mengder med hjort

– Det er nok ekstra høg fare for påkøyrslar den neste tida.

Rask jakt og uvanleg store mengder med hjort
Bestanden av hjort ser ut til å vera uvanleg stor i delar av Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 31. okt. 2020 07:57

Torsdag observerte vi 19 hjortar på Skeisflaten og la ut bilde av tre av dei på Instagram der vi, noko sarkastisk, ønskte Os vest hjortevald lykke til vidare med jakta.

Lite visste vi kor mykje vi bomma før vi kontakta formannen i grunneigarlaget.

– Vi er for lengst ferdig med kvoten, fortel Paul-Kristian Haldorsen, formann i hjortevaldet Os vestre grunneigarlag.

Kvoten på 21 dyr blei dessutan skoten i rekordfart.

– Innan utgangen av september var alle dyra felt.

– Eg har ikkje vore med på liknande, at vi har blitt så tidleg ferdig med ordinær kvote.

Uvanleg mykje dyr

Haldorsen seier dessutan at han aldri har sett så mange hjortedyr som i år.

– For oss jegerar er det jo kjekt at det er lett å finna dyr, men for dei som opplever at avlingane blir tatt, og for trafikktryggleiken generelt, er det jo ikkje bra med for stor bestand.

Jegeren fryktar at det vil bli ekstra mange påkøyrslar av hjort dei komande vekene, og resten av vinteren, grunna det han opplever som rekordstor bestand.

Har søkt om løyve til å fella fleire

Jakta varer frå 1. september til vesle julaftan. Laget har no søkt om ekstradyr.

– Er du ferdig med kvoten kan du søkja om fleire. Vi søkte i fjor òg, og då fekk vi.

Os vestre grunneigarlag har eit stort jaktterreng, frå delar av Hovlandsfjellet til heile Liafjellet og terrenget vidare mot Moberg, Lekven, Særvoll og Lepsøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.