Lokal | 07. mai 2016

Regjeringa vil fjerna vannskuter-reglane

Vannskuterar skal bli likestilt med fritidsbåtar.

Regjeringa vil fjerna vannskuter-reglane
Dei siste åra har det berre vore lov å køyra vannskuter 400 meter frå land, med mindre du held under 5 knop. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. mai 2016 07:43

Vassjet blir lovleg! sa Carl Jacob Johansen til Midtsiden på seinsommaren 2012.

Johansen frå jettrade.no sel vannskuterar og har i ei årrekkje kjempa for seg og kundane sine mot norske styresmakter.

I oktober same år sendte ESA brev til norske styresmakter med fleire innvendingar mot det norske forbodet i januar 2013 kom nytt regelverk ut på høyring.

Forbodet blei oppheva, men det er framleis forbode å køyra vannskuter nærmare land enn 400 meter, med unntak av til og frå fylling av drivstoff. Slike transportetappar skal gå i maks 5 knop.

– Dette hjelper oss lite. I praksis blokkerer dei heile skjergarden, sa Johansen den gong.

Kan bli likestilt med båt

Fredag fortalte Fædrelandsvennen at regjeringa vil likestilla vannskuter med fritidsbåtar.

Forslaget om å avvikla heile regelverket skal sendast på høyring.

– No er det slik at vannskuterar skal behandlast på same måte som alle andre motoriserte fartøy på sjøen. Det er ei løysing eg trur er veldig god og som alle lett kan ta omsyn til, seier stortingsrepresentant Svein Harberg (H) til NRK Sørlandet.

– Bør ordna det i år

Johansen frå Jettrade er framleis ikkje nøgd.

Ei eventuell fjerning av dagens regelverk vil nemleg neppe tre i kraft før sommaren 2017.

– Det heile ender opp igjen med ein tragisk byråkratiseringsbehandling der det skal trekka ut i eitt år til.

– Dette kan gjerast med eit pennestrøk i morgon, seier han til NRK.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.