Sport | 07. mars 2021

Samson har signert med Bækkelaget

Frå opprykk med Viking til topp 4-klubb i Oslo.

Samson har signert med Bækkelaget
Samson, her i Viking-drakt etter opprykket i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. mars 2021 08:16

Han skåra sitt første mål på øvste nivå for FyllingenBergen i februar 2017 og rykte i fjor opp til Rema 1000-ligaen med Stavanger-klubben Viking.

No er Samson Bjørke Kallestad, som fyller 23 år til sommaren, klar for Bækkelaget når neste sesong startar til hausten.

– Han fyller mange av rollene vi hadde behov for til neste sesong, ein god tovegsspelar med farleg distanseskot som har hatt ei god utvikling i Viking dei siste åra, seier Bækkelaget sin hovudtrenar, Jørgen Laug, til klubben sine heimesider.

Samson har skåra 49 mål på 16 kampar for Viking denne sesongen. Han har signert toårsavtale med Bækkelaget, som er på 4. plass i Rema 1000-ligaen. FyllingenBergen er på 7. plass og Viking på 11. plass av 13 lag på øvste nivå.

– Eg har fått eit godt inntrykk av klubben og korleis dei ønskjer å utvikla seg vidare på. Eg kjem til ei ung og ambisiøs spelargruppe, noko som passar meg bra, seier Samson i intervju med sin nye klubb.

Samson studerer til byggingeniør, og skal frå hausten ta master i industriell økonomi i Oslo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.