Sport | 11. okt. 2019

Sånn var årets fangst

Tala for årets fiske i Oselvo er klare. - Det er mykje å gle seg over, seier Osvassdragets forvaltingslag.

Sånn var årets fangst
Opningsnatta - Remi Lindborg fekk besøk av Stig Gram-Knutsen i sone 4 Hammaren Det blei ingen fangst då. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 11. okt. 2019 08:08

Då årets sesong starta 16. juni var det låg vasstand og dei første fiskarane måtte gå tomhendte heim.

No er sesongen over, og talas tale er klar.

Ein jamt god sesong med god oppgang

Formann Osvassdragets forvaltningslag, Roald Berge Helle, seier at både midtsesongsevaluering og sluttresultat viser at det absolutt er ein levedyktig bestand av laks i vassdraget.

– Mange var spent på om pukkellaksen kom tilbake, med bare éin fanga kan vi vel tru at det ikkje etablerte seg ein bestand i 2017.

Framleis oppdrettslaks

Helle fortel at det framleis dukkar opp oppdrettslaks i Oselvo.

– Som vanleg, dessverre, er det også i år ein del oppdrettlaks i elva. Andelen ligg på over 10 prosent, men her vil skjellprøvar gje oss det endelege resultatet etterkvart.

– På den positive sida er det kjekt å notera seg ein viss auke i fangst av sjøaure, trass i at denne ikkje vert fiska aktivt

Tala

• Største laksen som vart fanga var på 10,3 kilo.

• Største sjøauren var på 80 cm, anslegen til 5 kilo

Det vart i sesongen 2019 fanga:

• 258 villaks - 647,5 kilo.

• 29 oppdrettslaks - 73,4 kilo.

• 107 sjøaure - 92,4 kilo. (Berrre éin vart avliva).

• 1 regnbogeaure - 2,9 kilo.

• 1 pukkellaks - 1kilo.

Fordelinga ser slik ut:

• 175 tert - 269,6 kilo.

• 74 mellomlaks - 306 kilo.

• 9 storlaks - 71,9 kilo.

• Snittvekt laks 2,5 kilo.

Det vart avliva:

• 140 tert - 222 kilo.

• 68 mellomlaks - 283,4 kilo.

• 8 storlaks - 64,9 kilo.

Det vart sett ut:

• 35 tert - 47,6 kg

• 6 mellomlaks - 22,6 kilo.

• 1 storlaks - 7 kilo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.