Politi | 11. apr. 2021

Sendt heim frå fest ved Knutabruo

Politiet rykte ut i skogen på melding om eit større festleg lag.

Sendt heim frå fest ved Knutabruo
Det viste seg å vera tre ulike venegjengar som sat spreidde på ulike stadar ved Knutabruo. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 11. apr. 2021 07:34

I 21-tida laurdag kveld fekk politiet melding om ei større samling med folk på fest ved Knutabruo.

– Det viste seg å vera tre ulike venegjengar, ein av dei på bursdagsfeiring. Gjengane hadde fordelt seg mellom dei to gapahukane og rasteplassen, fortel politibetjent Morten Haugland.

Politiet uroa seg ikkje over smittevern, men den eine gjengen besto av 16-17-åringar, og ein av dei framsto som full. Foreldre blei kontakta og han blei henta.

– Den festlege stemninga skal ha tiltatt, så i 22.30-tida fekk alle beskjed om å fjerna seg frå staden. Nokre av dei edrue ungdomane tok på seg oppgåva med å rydda staden.

Forsøpling og hærverk har vore ei utfordring i dette området fleire gongar.

– Eg håper det er utført, viss ikkje har vi namn på dei som var der.

To andre meldingar om feststøy

Rundt klokka 01.45 fekk politiet melding om to ulike festar. Den eine var meldar uroa for mengda folk, dei skal ha vore minst ti personar, den andre var det støy som var utfordringa. Denne rykte politiet ut på.

– Det var eit festleg lag på Søfteland. Vi snakka med huseigar, og dei dempa musikken.

Midtsiden fekk melding om fyrverkeri på Nore Neset klokka 00.12 natt til søndag.

– Vi har ikkje høyrd noko om dette, men det var notert at fyrverkeri var observert ved Knutabruo tidlegare på kvelden. Det er mogleg at det er ein samanheng, seier Haugland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.