Fritid | 05. mai 2021

Sigurdsvikjo får betre fasilitetar

Skal få orden på bossproblema ved badeplassen.

Sigurdsvikjo får betre fasilitetar
Sigurdsvikjo ved Ulvenvatnet er ikkje eit friluftsområde i BOF sitt system, men no tar kommunen og roklubben grep. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. mai 2021 10:49 - Sist oppdatert 05. mai 2021

Sigurdsvikjo i Kolskogheiane er ein populær badeplass for dei som vil kjøla seg ned i Ulvenvatnet.

Men området er ikkje innrullert i Bergen og Omland Friluftsråd, og sjølv om russen dei siste åra har vore flinke å rydda, har Sigurdsvikjo i periodar vore prega av søppel etter andre sosiale samlingar.

– Dette har vore omtalt i lokalavisene før, og nyleg nemnt at administrasjonen skulle sjå på. Kva er status i saka, spurde Laila Reiertsen (Frp) i politisk kvarter i Liv i Bjørnafjorden i dag.

Laila Reiertsen, her i formannskapet i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Laila Reiertsen, her i formannskapet i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Prosjektleiar i Liv i Bjørnafjorden, Jon Sivert Rykkel, hadde svaret klart.

– Eg har vore i dialog med leiar av driftseininga i kommunen, Dag Søfteland, og han har tatt tak i saka.

Det kjem no både bosspann på 660 liter, eige brannfast bosspann for eingongsgrillar og fastmonterte, rustfrie grillar på staden.

– Desse vil stå ute frå mai til oktober. Dag har prata med representantar frå Os Roklubb, som vil hjelpa til med å sjå til bosspanna, at dei blir tømt med passande frekvens og at folk faktisk bruker dei, sa Rykkel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.