Fotball | 27. apr. 2024

Sikra sigeren med to mål på to minutt

Kvalvågnes held fram med å finna nettmaskene.

Sikra sigeren med to mål på to minutt
Kvalvågnes skåra i dag sitt 7. og 8. seriemål. (Arkivbilde: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. apr. 2024 15:06

Os spelte i dag fjerde serierunde borte mot Florø. Florø landa på 8. plass i fjor og har starta 2024 med tre tap før dei tok imot serieleiaren.

Os sto med siger i tre av tre før start, og gjekk i føringa i første omgang.

Daniel Kvalvågnes, som skåra tre hattrick på tre veker i mars og april, gav Os leiinga 0-1 på straffe i 30. minutt og auka i 32. minutt til 0-2.

Stillinga sto seg kampen ut.

Florø - Os 0-2 (0-2)

Målskårar: Daniel Grimset Kvalvågnes (30. og 32.).

Os: Kasper Færøvik - Anders Hjelle Havsgård, Torgeir Lunde (kaptein), Mathias Aastvedt Dahl - Karl Aspevoll Omdahl, Henrik Tysse Sperrevik, Lukas Einarsen Olsen, Sverre Spangelo Haga - Kim Arne Brakstad , Håvard Vatland Karlsen og Daniel Grimset Kvalvågnes.

Innbytarar med speletid: Jakob Øvretveit Larsen (debut), Niklas Lunde Fosen, Thomas Stene Spilde, Steffen Kvamsdal og Jonathan Mjånes Lund.

Sandviken på 2. plass spelte i dag 2-2 borte mot Askøy, og ligg dermed no to poeng bak Os på tabellen.

Os sin neste kamp går heime mot Fana laurdag om ei veke.

Osing og Fana-trenar Ørjan Håland er saman med Fana-spelar Fredrik Haugen gjest i video- og podkasten Sleivkast her på Midtsiden måndag.

Har du spørsmål til gjestane? Send til tips@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.