Lokal | 15. mars 2021

Siri fanga nordlyset

Hobbyfotograf Siri Kristiansen fekk løn for nokre kalde kveldstimar på Søfteland.

Siri fanga nordlyset
Nordlys fanga på Søfteland sundag 14. mars. (Foto: Siri Kristiansen)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 15. mars 2021 08:55

Etter ei heller vasstrukken helg klarna vêret opp i går kveld, og etter kvart som temperaturen sank byrja sosiale media å fyllast opp med bilde av nordlys. Mange av bilda var tekne i Bjørnafjorden og i Bergen.

Aurora polaris (norsk: polarlys) er eit fysisk fenomen som skjer når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladninger som slynger elektriske ladde partiklar mot Jorda.

Partiklene er elektronar og protonar som dannar lys når dei kolliderer med gassane i Jordas atmosfære.

Får varsel

Ei av dei meir ihuga nordlys-jegarane i Os er Siri Kristiansen frå Søfteland.

Kristiansen, som ser på seg sjølv som ein «veldig» hobbyfotograf, fortel at ho nyttar nokre appar for å få varsel om kor tid det er best sjanse for å sjå nordlys.

– Det er fleire gode appar som fortel deg kor tid det er dei beste tilhøva for å forventa nordlys. I tillegg følgjer eg «Laffens astronomiske opplevelser» på Facebook. Denne sida publiserer mykje spanande og aktuelt stoff om nordlys.

Ute i to kalde timar

I går kveld var altså varsla gode for Kristiansen. Ho stilte seg først opp på Bergstø på Søfteland, men utan å få særleg fotografisk napp på himmelen.

Etterkvart flytta Kristiansen seg ned til området ved Storestraumen i retning Bergstøvatnet, og der vart det fulltreffar for hobbyfotografen.

– Eg har drive og fotografert nordlys i to år no, og dette er heilt klart dei beste bilda eg har fått til no.

Kristiansen fortel at trass i at det var både kaldt og rått i vêret blei ho ståande ute til nærare midnatt.

– Skal du ta bilde av nordlys må du vera ei tolmodig sjel. Det blir garantert mange bilde som ikkje er bra, men til slutt for du ei slik oppleving eg hadde i går.

Kristiansen tok bilda i Storestraumen i retning Bergstøvatnet. (Foto: Siri Kristiansen)
Kristiansen tok bilda i Storestraumen i retning Bergstøvatnet. (Foto: Siri Kristiansen)

Kjem det meir nordlys?

I følgje appane Kristiansen nyttar ser det ikkje ut til å vera dei største sjansane for meir nordlys denne veka.

VG si vêr-teneste, Pent.no, melder klarvêr måndag og tysdag, mens det på onsdag kan koma noko nedbør. Resten av veka skal det veksla mellom gløtt av sol og overskya. Temperaturane skal ligga rundt fem til seks plussgradar heile perioden gjennom.

Vil du gjera som Kristiansen og følgja nordlyset ekstra godt, er appar som My Aurora Forecast & Alerts, Northern Eye Nordlys Forecast og Nordlysvarsel gode plassar å starta.

– Eg har varsel på desse appane, men så snart det er meldt klarvêr er eg eigentleg litt ekstra klar. Ofte er tida mellom klokka 22 og midnatt den beste tida å jakta nordlyset, avsluttar Kristiansen.

Midtsiden tok ein tur på Strønebruo i natt, men måtte nøya seg med eit svakt snev av grønfarge frå nord. (Foto: KVB)
Midtsiden tok ein tur på Strønebruo i natt, men måtte nøya seg med eit svakt snev av grønfarge frå nord. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.