Siw Raw på God Morgen Norge måndag
– Eg fekk sug i magen då dei ringte, fortel den råvarebevisste kokken frå Os.
Siw Bugge Gjerdevik Kolstad er utdanna innan ernæring, og seinare som kokk. Ho jobbar som lærar i faget mat og helse ved Nore Neset ungdomsskule.
I tillegg driv ho cateringfirma med hovudfokus på raw food-kaker fri for gluten, baker fast til restauranten Havnechefen sin dessertdisk, held foredrag, og er blant kokkane under Det Store Bjørnafjordenmåltidet.
Måndag morgon tar ho Bjørnafjorden Matkultur ut i landet - på God Morgen Norge på TV2.
TV-debut
– Dei ringte meg i desember, og sa dei hadde sett Instagram-profilen min, og ville ha meg med i programmet, fortel Siw.
– Eg har aldri vore på TV før, anna enn Midtsiden-TV. Eg fekk sug i magen, og ba om å få tenkja på det til over jul.
Ho sel stadig fleire dessertar og har ventelister på fermenterte produkt. Å baka for «heile Bergen» har ho ikkje kapasitet til.
– Eg bestemte meg likevel for å takka ja. Det er jo ei positiv merksemd å få, og eg trur det vil bli kjekt å formidla bodskapen om gode råvarer og sunn mat til fleire enn dei eg møter lokalt i Bjørnafjorden.
Skal halda kurs for hotellkokkar
Siw er uansett med på å spreia kunnskapen og bodskapen utanfor kommunegrensene, nyleg blei ho invitert til å kursa kokkane ved eit hotell i Bergen.
– Det er kjekt at stadig fleire viser interesse for denne typen mat, seier Siw.
God Morgen Norge startar klokka 06.55 om morgonen, og går i reprise klokka 10.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.