Kultur | 09. apr. 2020

Sjå opptak: Sendinga er sett av over 1200

Gjekk du glipp av direktesendinga? Her er videoen - og vipps-nummeret.

Sjå opptak: Sendinga er sett av over 1200
Baronessen LIVE.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. apr. 2020 07:17

Onsdag frå klokka 19 sendte vi direkte frå Baronessen. Lokale musikarar og komikarar, som i desse koronatider ikkje får møta publikum, framførte som om det var fullt hus.

Fullt hus hadde det òg vore, om sjåarane fysisk var til stades. Over 100 var logga på frå start, vidare låg vi jamt på 150-200 pålogga, mange var nok fleire som sat saman og følgde med.

1200 sjåarar på 2 timar

Med unntak av ein sekvens med manglande lyd på den eine konferansier-mikrofonen, skal det tekniske ha fungert bra.

Vi håper stemninga heime rundt skjermane var fin, og takkar for delingar og hyggelege meldingar undervegs i konserten!

Over 1500 var innom artikkelen med direktesendinga før den var over, og sendinga er sett over 1200 gongar.

Konserten varte i litt over to timar, inkludert intervju med ordførar Trine Lindborg.

Ho hadde med seg 1000 kroner som støtte til kveldens 10 artistar.

Video go vipps gjennom påsken

Videoen frå konserten blir liggande tilgjengeleg. Om du vil senda eit honorar til musikarane, er det Haavard Skaatun Music som samlar inn og deler ut.

Vipps til 135164.

Vi har foreløpig ikkje fått oppsummert kva som kom inn, «men det var aktivitet å Vipps gjennom heile kvelden» sa Haavard før han gjekk på scenen.

Alt som kjem inn i løpet av påsken, til og med andre påskedag 13. april, blir delt. Vippsar du seinare går det til Haavard sitt band åleine.

Konferansierar: Thomas «To meter Tulling» Helgesen og Jan Helge Corneliussen (De To Vitse Menn).

Special guest: Ordførar Trine Lindborg (Ap).

På scenen:
Frode Holmefjord og Erik Rolland
Kurt Røttingen Band
Erik Rolland (solo)
Martine (Martine Frotveit)
Haavard Skaatun

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.