Næringsliv | 23. feb. 2021

Skal visa 32 antrekk på moteshow i kveld

Madam Ane med direktesending frå Vognhallen.

Skal visa 32 antrekk på moteshow i kveld
June Vespestad er ein av modellane Madam Ane bruker på foto. I kveld kjem åtte andre på catwalken. (Foto: Madam Ane)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. feb. 2021 12:35

Innehavar av Madam Ane, Tove Tvedt Skarstein, har stått i spisse for fleire moteshow, både eigen regi og med Os Sentrumsforening.

– Det er noko eg har sakna, men no prøver vi oss med ei ganske gjennomført direktesending via Facebook, der vi òg legg opp til engasjement frå sjåarane, seier Tove.

Dei som ser på, og kommenterer, kan vinna premie.

I fjor blei det ikkje aktuelt med arrangement som samla folk, men fleire butikkar i sentrum samla seg om eit motshow som blei laga i opptak og publisert i Vårslepp-tider i april.

– Det er klart vi er ekstra spente når det er direktesending.

Travel produksjon

Tove har engasjert Ole Henning Bøe sitt ganske nystarta firma, Postracer Productions, til det tekniske.

Han skal både ha teknikk, foto og fungera som DJ, og blekkspruten blir akkompagnert av Tove, som sjølv tar rolla som konferansier.

I løpet av sendinga er det diktlesing av Bente Bratlund, som seier til Midtsiden at ho stiller med rykande ferske dikt, skreddarsydde til motekvelden, og nokre av dei er skrivne så seint som i dag.

Viser 32 antrekk

Madam Ane bruker 8 modellar som skal visa 4 antrekk kvar.

Madam Ane-modellane er kledde i fottøy frå T Moberg Sko. Nuenhuset står for kulissar.

– Det blir hektisk, men smittevernvenleg, med fire som skiftar på loftet og fire på kjøkkenet, seier Skarstein.

Moteshowet får 10-15 publikummarar fysisk til stade i Vognhallen. Om alt går etter planen, og Postracer får god nok wifi på staden, startar showet klokka 19.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.