Politi | 11. juni 2024

Skreiv ut 18 forelegg

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll i Os i går.

Skreiv ut 18 forelegg
Det blei mange å vinka inn i går. Det har det vore før òg i 70-sona på Halhjemsvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. juni 2024 07:16

Måndag formiddag gjennomførte UP ein trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.

– Det blei skrive ut 18 forelegg, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Høgaste fart blei målt til 96 km/t. Førarkortet ryker på 106 km/t i 70-sona, men straffa for å køyra i 96 km/t svir truleg godt den òg.

26 km/t over fartsgrensa, når denne er 70 eller høgare, fører til 12.700 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Med 1 km/t lågare fart ville forelegget blitt over 3000 kroner lågare, 9550 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.