Lokal | 23. juli 2020

Skrekkblanda fryd i Mobergsvikjo

Endeleg vart det temperaturar som krev nedkjøling.

Skrekkblanda fryd i Mobergsvikjo
Nokon gler seg og andre kvir seg. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 23. juli 2020 13:13

I dag kom det snev av finvêr igjen, eit vêr som skal halda seg til og med laurdag, ifølgje VG Pent (Storm og Yr).

Med 20 gradar og sol vert det god aktivitet i Mobergsvikjo og dei andre badefjørene rundt Bjørnafjorden.

Ungdomen nyttar sjølvsagt sjansen til å kjøla seg ned. Frida Fredriksen Stang (14) frå Os har denne veka hatt besøk av kusina si, Andrea Fredriksen Vozza, som òg kunne tenkja seg eit bad.

– Planen var i utgangspunktet å reisa til Osbadet, men heldigvis vart det sol og sommar att, slik at vi kunne reisa her i Vikjo, seier Frida.

Elles denne veka har Andrea, som til vanleg bur på Nesøya utanfor Oslo, vore turist i Osbygda.

– Det har vore kjekt å vera på besøk, og vi har gått mykje turar. Det er veldig grønt og fint her på Vestlandet, synest Andrea.

Her tok dei sats! (Foto: ØH)
Her tok dei sats! (Foto: ØH)

Stjal showet

Etter mykje plasking og skriking frå dei badelystne jentene, dukka det plutseleg opp ein ung gut frå Stavanger. Han valsa ut på brettet og viste både stil og karaktèr.

– Det var eit kult bilete, sa Jacob til fotografen, blid og nøgd.

Jacob Berge(10) stjal showet på stupebrettet. (Foto:ØH)
Jacob Berge(10) stjal showet på stupebrettet. (Foto:ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.