Politi | 19. apr. 2021

Skulle rekka ferja - mista førarkortet

Politiet med fleire snittmålingar i helga.

Skulle rekka ferja - mista førarkortet
Politi i sivil. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. apr. 2021 08:09

Klokka 02.30 natt til måndag stoppa politiet ein bil på E39 Byvegen på Søfteland.

– Dei hadde målt snittfarten til 92 km/t i ei 60-sone, og det blei tatt beslag i førarkortet, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Bilførar, ein mann i 20-åra som ikkje er frå Os, forklarte at han hadde det travelt med å nå ei ferje.

Ung MC-førar fekk prikkar på førarkortet

Klokka 06.19 natt til laurdag blei ein lett MC målt til snittfart på 65,8 km/t i ei 50-sone på Nore Neset.

Det førte til 4.050 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet. MC-førar er ein tenåring, så foreldra blei kontakta.

Søndag klokka 19.21 stoppa politiet fem unge MC-førarar i Mobergsbakken etter melding om grisekøyring og køyring forbi innkøyring-forbode-skilt. Dei kjente seg ikkje igjen i skildringa, så det enda med tilsnakk.

Ein time tidlegare blei ein bilist stoppa på Halhjem etter melding om vinglete køyring. Heller ikkje han kjente seg igjen i dette, og blåste til null.

Klokka 01.13 natt til laurdag blei ein bilførar målt til 57 km/t i ei 50-sone på Ulvenvegen. Vedkomande fekk eit forelegg på 2.250 kroner.

Rygga borti og køyrde vidare

Fredag klokka 11.46 fekk politiet melding om eit trafikkuhell i Os sentrum.

– Ei kvinne ringte og fortalte at ein bil hadde rygga på bilen hennar, men køyrd vidare.

Ho hadde notert registreringsnummeret. Bilen var ikkje mykje skadd, men hadde fått nokre riper.

Politiet fekk tak i mistenkte, som truleg er blant dei eldste bilistane i Os, ei kvinne i 90-åra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.