Sport | 13. aug. 2020

Skytternes mester: Amalie direkte på NRK

Dei 58 beste dei siste 20 åra skyter i ettermiddag.

Skytternes mester: Amalie direkte på NRK
Amalie Evensen utanfor den nye bustaden hennar i Oslo. (Privat foto: Jan Kristian Evensen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. aug. 2020 12:19

Det blei ikkje kåra skyttarkonge eller skyttardronning under årets heime-LS, som i Os blei gjennomført måndag 10. august.

Men dei beste av årets LS-deltakarar blei saman med dei 58 beste dei siste åra, invitert til «Skytternes mester» på Årvoll, nordaust for Oslo sentrum.

Blant dei 58 beste er Amalie Evensen, som tok 3. plass i U20 i fjor. I dag blir Skytternes mester sendt direkte på NRK.

Amalie startar klokka 15

Sendinga er i gang, den kan du sjå på NRK1 eller på nett. Amalie skyter rundt klokka 15.

– Dei fem beste i U20 i fjor blei invitert. For det første er det kjekt sosialt, å møtast på denne måten. Eg kjenner mange frå før.

– Men det er òg veldig stas å få skyta side om side med dei som har vore i tet dei to siste tiåra, seier Amalie til Midtsiden.

Ho fekk fyra av nokre skot på Ulven før avreise i går. Ho har nyleg flytta til Oslo for å søkja jobb i helsevesenet - og for å trena skyting i eit større miljø.

– Eg har ikkje byrja å kjenna på nervene enno, men det kjem nok, sa Amalie i 10.30-tida i dag.

Amalie synest formen er fin, og gler seg veldig til å koma i gang.

«Skytternes mester» varer til klokka 21 i kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.