Lokal | 07. des. 2020

Smittetal for helga

Eitt nytt smittetilfelle påvist gjennom helga.

Smittetal for helga
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 07. des. 2020 07:41

På fredag vart det kjend at ein elev ved Fusa vgs hadde fått påvist covid-19.

13 elevar og 3 tilsette måtte i karantene.

Dette var det 4. smittetilfellet i Bjørnafjorden kommune førre veke.

I dag tidleg melder Bjørnafjorden kommune at ei kvinne i 50-åra fekk påvist covid-19 fredag 4. desember. Smitteveg er kjend, nærkontaktar er varsla.

Dette inneber at det totale smittetalet var 5 i førre veke (veke 49).

Veka før (48), var det totalt 6 smitta, mot 17 veka før der igjen.

Nærkontaktane testa negativt

I går kveld kunne Fusa vgs. melda at at alle nærkontaktane til eleven som vart smitta har testa negativt.

16 personar vart identifisert som nærkontaktar på skulen. Alle vart testa fredag, og alle testane er i løpet av helga blitt klarert negative. Elevane og tilsette som vart testa må likevel følgja karantenereglane. All anna undervisning går som normalt, seier skulen.

Held fram med den lokale forskrifta - med 10 endringar

Før helga kunne kommunen fortelja at frå i dag, måndag, vil dei lokale forskriftene halda fram, men med 10 endringar.

Onsdag sa regjeringa at dei vil halda på 5-personarsregelen.

Men dei opnar for inntil 10 gjestar (at ein familie på for eksempel 6 personar kan ha yttarlegare 10 på besøk) inntil to dagar i desember. For eksempel julaftan og nyttårsaftan.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

15 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 12 og 13, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 82 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingenmed symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.
3. november: Mann i 50-åra, smitta av nærkontakt han var i karantene med.
4. og 5. november: Ingen nye smittetilfelle.
6. november: Jente i tenåra, smitta i ein annan kommune
(6. november: Kvinne i 50-åra, smitta i utlandet, var i karantene i Bjørnafjorden)
7. november: Ingen nye smittetilfelle.
8. november: Tre menn i 20-åra, ikkje relatert til kvarandre, smitta i ein annan kommune
9. november: Tilsett ved Luranetunet. 16 bebuarar og 7 tilsette i karantene.
9. november: Jente i tenåra. Heile 8. trinn ved Os uskule og fleire ved Ung Arena i karantene
10. og 11. november: Ingen nye smittetilfelle.
(11. november: Elev ved Os vgs som bur i ein annan kommune og testa seg der.)
12. november: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
12. november: Kvinne i 30 åra og to menn i 30-åra, kjent smitteveg.
13. november: Gut i 3. trinn på Os barneskule.
13. november: Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 50-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
14. november: Ingen nye smittetilfelle.
(14. november: Elev på 10. trinn ved Nore Neset uskule, testa i ein annan kommune)
15. november: Mann i 60-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Mann i 40-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Kvinne i 40-åra. Uavklart smitteveg.
16. november: Jente på 3 månader. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Mann i 30-åra. Smittesporing pågår
16. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg.
16. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
17. november: Ingen nye smittetilfelle.
18. november: Jente i slutten av tenåra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
19. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
20. og 21. november: Ingen nye smittetilfelle.
22. november: Mann i 20-åra, smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
22. november: Jente i tenåra, smitteveg ukjent.
23. november: Ingen nye smittetilfelle.
24. november: Kvinne i 20-åra. Smitteveg er kjent.
25. november: Ingen nye smittetilfelle.
26. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent.
26. november: Mann i 50-åra. Ukjent smitteveg.
27. november: Ingen nye smittetilfelle.
28. november: Kvinne i 50-åra. Smittevegen er kjent.
28. november: Kvinne i 20-åra. Ukjent smitteveg.
28. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent.
29. november: Ingen nye smittetilfelle.
30. november: Kvinne i 50-åra. Smittevegen er kjent og nærkontaktar er varsla.
30. november: Kvinne i 20-åra. Ukjent smitteveg. Nærkontaktar er varsla.
30. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent og nærkontaktar er varsla.
1. desember: Mann i 20-åra. Smitteveg er kjent.
2. desember: Ingen nye smittetilfelle.
3. desember: Mann i 50-åra. Kjent smitteveg.
3. desember: Mann i 40-åra. Ukjent smitteveg.
4. desember: 17 år gamal elev ved Fusa vgs. 13 elevar og 3 tilsette i karantene.
7. desember/4. desember: Kvinne i 50-åra. Smitteveg kjent.
7. desember/5. desember: Ingen nye smittetilfelle.
7. desember/6. desember: Ingen nye smittetilfelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.