Lokal | 27. nov. 2020

Smittetal for torsdag 26. november

To innbyggarar fekk påvist covid-19 i går.

Smittetal for torsdag 26. november
Koronaviruset. (Foto: FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. nov. 2020 09:07

Frå måndag til onsdag hadde vi berre eitt smittetilfelle, ei kvinne i 20-åra som tysdag fekk påvist covid-19.

I går, torsdag 26. november, kom to til, opplyser Bjørnafjorden kommune:

  • Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent og nærkontaktar er varsla.
  • Mann i 50-åra. Ukjent smitteveg. Nærkontaktar er varsla.

Dei siste 8 dagane har vi hatt til saman 6 smittetilfelle.

– Innbyggarane i Bjørnafjorden kommune har vore veldig flinke, det ser vi òg når vi samanliknar med andre kommunar rundt Bergen, sa kommunalsjef Monica Totland Melvold til tenesteutvalet i møte i onsdag.

I førre veke blei det testa rundt 500 personar mot 950 veka før.

Samtidig fortel Helse Bergen at R-talet no er nede i 0,6 i Bergen.

Bjørnafjorden formannskap skal 1. desember drøfta ei eventuell letting i den lokale forskrifta som i utgangspunktet gjeld til og med søndag 6. desember.

Smittetal for i dag, laurdag og søndag kjem måndag 30. november før klokka 12.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

15 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 12 og 13, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 74 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingenmed symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.
3. november: Mann i 50-åra, smitta av nærkontakt han var i karantene med.
4. og 5. november: Ingen nye smittetilfelle.
6. november: Jente i tenåra, smitta i ein annan kommune
(6. november: Kvinne i 50-åra, smitta i utlandet, var i karantene i Bjørnafjorden)
7. november: Ingen nye smittetilfelle.
8. november: Tre menn i 20-åra, ikkje relatert til kvarandre, smitta i ein annan kommune
9. november: Tilsett ved Luranetunet. 16 bebuarar og 7 tilsette i karantene.
9. november: Jente i tenåra. Heile 8. trinn ved Os uskule og fleire ved Ung Arena i karantene
10. og 11. november: Ingen nye smittetilfelle.
(11. november: Elev ved Os vgs som bur i ein annan kommune og testa seg der.)
12. november: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
12. november: Kvinne i 30 åra og to menn i 30-åra, kjent smitteveg.
13. november: Gut i 3. trinn på Os barneskule.
13. november: Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 50-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
14. november: Ingen nye smittetilfelle.
(14. november: Elev på 10. trinn ved Nore Neset uskule, testa i ein annan kommune)
15. november: Mann i 60-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Mann i 40-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Kvinne i 40-åra. Uavklart smitteveg.
16. november: Jente på 3 månader. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Mann i 30-åra. Smittesporing pågår
16. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg.
16. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
17. november: Ingen nye smittetilfelle.
18. november: Jente i slutten av tenåra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
19. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
20. og 21. november: Ingen nye smittetilfelle.
22. november: Mann i 20-åra, smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
22. november: Jente i tenåra, smitteveg ukjent.
23. november: Ingen nye smittetilfelle.
24. november: Kvinne i 20-åra. Smitteveg er kjent.
25. november: Ingen nye smittetilfelle.
26. november: Kvinne i 20-åra. Smittevegen er kjent.
26. november: Mann i 50-åra. Ukjent smitteveg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.