Lokal | 19. feb. 2021

Smittevern: Tilbake til nasjonale reglar

Regjeringa rundar av regionale tiltak, men endrar nasjonale reglar.

Smittevern: Tilbake til nasjonale reglar
Statsminister Erna Solberg (H) på dagens pressekonferanse. (Skjersmot, regjeringen.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. feb. 2021 12:52

Kommunal kriseleing i Bjørnafjorden sendte innspel til regjeringa før dagens pressekonferanse.

Der skreiv dei at dei vil runda av den regjeringsfastsette forskrifta for omegnskommunane (5D) til Bergen.

– Med unntak av smittesituasjonen på byggeplassen, der 6 av 99 i karantene er frå Bjørnafjorden, men alle 4 smitta til er frå Bergen og Øygarden, har vi ingen smitte i kommunen dei siste to vekene, forklarer kommunedirektør Christian F. Fotland.

Sjølv om fleire har testa seg dei veke, er òg testkapasiteten god i kommunen.

Statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad inviterte til pressekonferanse klokka 14 i dag.

Der har dei nyleg oppheva tiltaka i Bjørnafjorden og nabokommunane, inkludert Bergen.

– Utbrota i Bergen og Ulvik er no så oversiktlege at vi kan avslutta de regionale tiltaka regjeringen beslutta 7. februar. No er det kommunane sjølv som må vurdera kva tiltak dei vil ha utover nasjonale råd og reglar, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Fotland har stadfesta at det ikkje blir eigne, lokale tiltak i Bjørnafjorden kommune.

Dette gjeld frå midnatt natt til måndag 22. februar, slik Bjørnafjorden kommune ønskte.

Det betyr at vi snart er tilbake til nasjonale til nasjonale smittevernreglar.

Også dei nasjonale reglane blir endra, desse endringane gjeld frå natt til tysdag 23. februar:

  • Skjenkereglane seier stopp klokka 22, altså ei skjerping. Det gjeld frå midnatt natt til tysdag.
  • Barn og unge under 20 år kan no delta i konkurransar og arrangement, også frå andre klubbar, men berre med og mot andre frå same kommune (frå 23. februar) med inntil 50 deltakarar innandørs og 200 utandørs
  • I idrettar utan nærkontakt, som ski og løping, kan barn og unge under 20 år konkurrera mot deltakarar frå andre kommunar
  • Studentar kan frå 23. februar vera meir fysisk på plass på undervising
  • Bibliotek og lesesalar opnar med smitteverntiltak
  • Kravet om fastmonterte sete blir fjerna, så lenge det er snakk om eigne, tilviste plassar blir det ikkje skilje mellom sete som er skrudd fast i golvet og stolar som står laust
  • Mengda personar innandørs blir redusert frå 200 til 100. Kva konsekvensar dette eventuelt får for Oseana, kjem vi tilbake til i eiga sak

Sjå regjeringen.no for alle reglar og anbefalingar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.