Lokal | 31. jan. 2021

Snøen skapar problem i trafikken - full stopp i Rødsliane

OPPDATERT: Trafikken byrjar å rulla i retning Os igjen.

Snøen skapar trafikkproblem i Rødsliane. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 31. jan. 2021 17:02

Det store snøfallet i dag byrjar no å prega trafikkbildet.

Bergen lufthavn er allereie stengt, og i følgje BT.no står køane på E16 inn mot Bergen frå Trengereid til Vaksdal.

Klokka 17.49 meldte Vegtrafikksentralen vest på Twitter at fleire bilar no står fast i Hegglandsdalen på Fv 579.

Vegtrafikksentralen skriv vidare at fleire bilistar truleg har vald denne vegen for å unngå køane rundt Trengereid.

Ein Midtsiden-lesar på staden fortel på telefon at ein bil slit med å koma seg opp Rødsliane, og at dette no skapar kø inn mot Rolvsvåg.

For å toppa det heile seier entreprenørane, som står for brøytinga, no til Vegtrafikksentralen at dei slit med å koma seg fram grunna mykje trafikk og smale vegar.

OPPDATERT:

Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy har sjølv stått i kø ved botnen av Rødsliane, men fortel at rundt klokka 18.30 skal trafikken ha byrja å bevega seg igjen.

– Det er nullføre, men bilar på veg ned Rødsliane viser omsyn til den tette trafikken opp mot Rød, seier Bruarøy.

Klokka 18.13 meldte Vegtrafikksentralen vest at Fv 579 ville bli stengt frå Hisdal. Entreprenør skulle då køyra frå Samnanger for stoppa trafikken som ville inn på vegen.

Bilar i kø ved Lønningdal. (Foto: KVB)

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.