Fotball | 03. des. 2020

Søfteland har inngått samarbeid med Os Fotball

– Ein fordel for ungdomane vår, seier Torstein Tveit.

Søfteland har inngått samarbeid med Os Fotball
F.v.: Håvard Mathisen, Leiv-Gunnar Heggland, Torstein Tveit og Endre Brenne. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. des. 2020 20:51

Os Fotball og Søfteland TIL har inngått ein intensjonsavtale om samarbeid i barne- og ungdomsfotballen, fortel Os Fotball på heimesidene sine.

– Vi har både gute- og jentelag i alle årstrinn i barneskulealder, men nokre av jentelaga er av to årstrinn slått saman, fortel Torstein Tveit, leiar i Søfteland Turn- og Idrettslag.

– Utfordringa med å vera mange nok til å ha eige lag kan starta allereie ved overgang til 7-ar, eller når dei byrjar å spela 9-arfotball. No får ungdomane ein plan for vegen vidare.

Kompetanseløft

Avtalen seier ikkje noko om kva alderstrinn som skal overførast til Os, dette blir tilpassa årstrinn for årstrinn etter behov.

– Vi har hatt samarbeidsavtalar med andre klubbar før, både Kalandseid, Lysekloster og Nore Neset. Sidan Søfteland barneskule no sender elevane vidare til Os ungdomsskule, er Os Fotball ein naturleg samarbeidspartnar for oss.

For eit par veker sidan blei første lag frå Søfteland sendt vidare til Os, gutane fødde i 2008.

– Vi hadde ambisjonar om å halda dei lokalt i éin sesong til, men vi blei for få. No var 9 av 11 med over. Saman med Jadakameratene tok dei turen til Kuventræ, og utgjer no ei gruppe på heile 40 spelarar. Vi ser allereie at heile gruppa har fått seg eit løft.

Trenarutvikling med i avtalen

– Ikkje berre får spelarane nye lagkameratar og nye gutar å bryna seg på i duellar på trening, vi får tilgang på andre ressursar. Eg må seia at det var overraskande profesjonelt nivå på det som møtte oss då vi kom frå ein liten klubb med foreldretrenarar.

Inkludert i avtalen er ei felles plattform for trenarutvikling, med samkøyring av trenarkurs og møte i felles trenarforum.

Midtsiden har ikkje fått tak i dagleg leiar i Os, Endre Brenne, i dag. Til eigne heimesider seier han at han trur avtalen er positiv for alle partar.

– Det er veldig gledeleg å inngå eit sånt samarbeid med Søfteland, der vi saman kan utvikla spelarar og trenarar og sikra eit godt fotballtilbod vidare for spelarane til Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.