Lokal | 19. apr. 2020

Søfteland-jubel for Ulvenmarsjen-dato

Koronaviruset sette likevel ikkje ein stoppar for 41 år gamle Ulvenmarsjen.

Søfteland-jubel for Ulvenmarsjen-dato
Morten Jensen og Erling Andersen, her under marsjen i fjor. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. apr. 2020 17:22
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

I mars blei det klart at årets Ulvenmarsjen, den 42. marsjen på rad, ikkje kunne gjennomførast i april som planlagt.

Folk går tur «som aldri før» i desse koronatider, men start og mål ville utgjort ein smitterisiko, og det er dessutan forbod mot idrettsarrangement inntil vidare.

– Det er første gong Ulvenmarsjen har blitt utsett eller avlyst sidan vi starta med det nye systemet i 1979. Det blir opp til Hordalands friidrettskrets å tildela dato for ny marsj til hausten, men det kan bli utfordrande. Kalenderen er ganske full frå før, og vi er ikkje dei einaste vårarrangementet som vil prøva å få plass til hausten, sa Erling Andersen til Midtsiden i mars.

No er det klart at 14 kilometer lange Ulvenmarsjen likevel blir gjennomført i år.

Ny dato er helga 12. og 13. september.

– Vi er veldig glade for at vi fekk ny dato! seier formann i friidrettsgruppa i Søfteland TIL, Morten Jensen.

– Helga før er det Knarvikmila, så den fekk vi ikkje. Laurdag og søndag 12. og 13. september kolliderer med Framolekene/Bergen Friidrettsfestival, og med enkelte konfirmasjonar, men vi køyrer to dagar som vanleg, så dei fleste har ein sjanse til å gjennomføra.

Fleire arrangement på blokka

Motbakkeløpet Langedalen Opp plar òg gå i september, og kan koma litt tett på.

– Det skal vi få til! Vi er uansett glade for at vi slepp å få eit brot i den lange rekka, både for oss sjølv og for dei som har tradisjon for å gå Ulvemarsjen.

– Det er dessutan ei god inntektskjelde for idrettslaget. Vi byrja planlegginga i desember, og har bestilt medaljar. Det blir godt å få delt dei ut i år òg.

– Er det andre arrangement som STIL har fått avlyst?

– Ja, vi har avlyst Joker-cup (fotball) i april, og plar ha eit friidrettsstemne i mai, som blir utsett. Fotballcupen vil vi søkja kompensasjon for, friidrettsstemnet vil vi prøva å finna ny dato til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.