Sport | 25. apr. 2021

Spaserte ein maraton frå Strøno til Lagunen

– Nei. Vi kjem nok ikkje til å gjera det igjen.

Då dei kom til Skjoldskiftet på Nesttun trengte dei 12 kilometer til, men det var berre 2,7 km til mål på Lagunen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. apr. 2021 08:59

Litt før klokka 05 laurdag morgon sto fire venninner opp for å kle seg og gå til Lagunen. Gå, ikkje køyra.

– Det var Andrea sitt forslag, men ho hadde ikkje problem med å få med seg oss andre, seier Nora.

Dei fire som gjekk, Nora Strønen Versto, Andrea Bastiansen Kvittingen, Emilie Vik og Mathilda Hansen Sigurjonsson, går alle i første klasse på vidaregåande.

Ideen kjem frå sosiale media.

– Eg vil ikkje kalla det ein TikTok-trend, men det siste året har vi sett ein del videoar av folk som går ein maraton, og skildrar smertene på vegen. Vi ville prøva det same, berre for å få erfara korleis det er.

For slitne til å stå oppreiste for lagfoto etter målgang, her er arkivfoto av tre av dei fire som gjekk: F.v.: Nora, Andrea og Emilie.

Visste at det ville bli vondt

Ingen av dei fire trener mot lengre løp. Andrea trener roing, Nora trener dans.

– Vi hadde ikkje førebudd oss, og det er ikkje opptrening til noko spesielt. Vi ville berre ha erfaringa og opplevinga, fortel Nora.

Sjølv kjente ho det oppover lår og hofter allereie på Ulvensletta. Vondt i føtene fekk ho først på veg ned Vallaheiane.

Det blei nokre «strafferundar» i nesttunområdet for å koma opp i 42 km.

– Lagunen var målet, men då vi kom til Nesttun, og det berre var 2,7 km igjen, mangla vi 12 kilometer. Det blei 9 vonde og meiningslause kilometer med slalåm på naudsynte omvegar mot mål.

Distansen maraton kjem som kjent frå den greske legenda om soldaten Feidippides, som sprang frå byen Marathon i Hellas til Athen - 42.195 meter.

Brukte 9 timar inkludert pausar

Dei hadde pakka med seg klede for ulike temperaturar, litt mat og sko- og sokkeskifte.

Alle jentene fullførte, ingen av dei var interessert i nokon handlerunde då dei kom fram.

– Det var smertene i beina som var verst. Sjølve gåturen var ikkje tung eller krevjande, men den var veldig vond. No håper eg berre eg er i form til dansetrening tysdag.

Turen tok 9 timar og 15 minutt inkludert 4-5 pausar, kvar av pausane på rundt eit kvarter.

– Er det noko du kunne tenkt deg å gjera igjen, om enn i anna terreng?

– Nei. Det held med denne eine, seier Nora og ler.

Fasiten etter ein seig laurdag.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.