Fotball | 08. juni 2024

Sperrevik avgjorde på overtid for Os

Bortekamp mot Haugesund 2 svinga begge vegar.

Sperrevik avgjorde på overtid for Os
Håvard Vatland Karlsen og Henrik Tysse Sperrevik skåra sine mål nummer 7 og 3 for sesongen. Her heime mot Djerv 1919. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. juni 2024 15:28

Haugesund 2 sto med tre kampar på rad utan tap då dei i dag tok imot Os frå topp tre på tabellen.

Førre helg vann rekruttane til Haugesund 0-1 borte over Fana, i dag tok dei leiinga etter tre minutt over Os.

Men Os snudde til 1-2-leiing til pause.

Arbeidsjernet Sverre Spangelo Haga, her heime mot Stord, utlikna for Os på bortebane i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Arbeidsjernet Sverre Spangelo Haga, her heime mot Stord, utlikna for Os på bortebane i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vertane utlikna i 2. omgang, og det gjekk mot Os sin andre uavgjorte for sesongen.

På overtid klarte Os likevel å skåra, og 2-3 heldt seg kampen ut.

Haugesund 2 - Os 2-3 (1-2)
Målskårarar, Os:
Sverre Apangelo Haga, Håvard Vatland Karlsen og Henrik Tysse Sperrevik.
Tropp og kampfakta på fotball.no

Os ligg på 3. plass på tabellen etter dagens kamp, apoeng med Sandviken, som 3-1 over Florø og eitt poeng bak serieleiar Bjarg, som slo Loddefjord 7-0 heime.

Fana tapte 3-2 borte for Førde i dag, og ligg på 4. plass, fire poeng bak Os og Sandviken.

Laurdag om ei veke tar Os imot Bjarg til toppkamp på Kuventræ

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.