Lokal | 23. nov. 2020

Spesialgran som årets juletre

Årets julegran kom i dag på plass på Osøyro.

Spesialgran som årets juletre
Sitkagran vart årets julegran i Os sentrum. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 23. nov. 2020 11:32

Bjørn Moberg, Siri Berge og Asbjørn Petter Hjelmdal har henta grana i Erling Askvik sitt terreng på Hovland.

– Vi fann i grunn eit ferdigpynta tre, med masse flotte konglar, men sjåføren køyrde så hardt at no er det ingen konglar igjen, humrar Bjørn Moberg.

I løpet av veka skal treet pyntast og tennast.

– Grana vil nok bli pynta på onsdag og så blir det mest sannsynleg tenning av lys på fredag, seier Moberg.

Bjørn Moberg har lange armar som må i bruk for å renska holet. (Foto: ØH)
Bjørn Moberg har lange armar som må i bruk for å renska holet. (Foto: ØH)

Uønska av myndigheitene

Sitka-arten vart introdusert til Noreg for meir enn hundre år sidan. Arten var lenge populær, men den er no ikkje lenger ønskt av styresmaktene. Det er ikkje lenger lov å utplanta arten i Noreg, utan særskilt løyve.

– Vi er klar over at dette er ein spesiell type gran. Den stod i eit hogstområde som sikkert vart sådd for over tredve år sidan. I tillegg kan dette vera ein som har frøa seg sjølv, påpeiker Bjørn Moberg.

– Dette er ikkje noko bevisst val frå vår side, men vi må ta hensyn til kor granen står og at den er tilgjengeleg for oss med kranbil, seier Moberg.

Siri Berge må trimma botnen av treet før den får plass i holet. (Foto: ØH)
Siri Berge må trimma botnen av treet før den får plass i holet. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.