Lokal | 27. feb. 2021

Steinblokk stengte Bjånesvegen

Måtte slepast vekk fredag kveld.

Steinblokk stengte Bjånesvegen
Denne steinblokka sperra Bjånesvegen i over ein time i går. (Lesarbilde, foto: Kine H. Sælen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. feb. 2021 08:51

Fredag litt før klokka 22 blei ei ung dame som bur på Bjånes hindra av ei steinblokk som låg i vegen.

– Eg køyrde heim i 20-21-tida, så det må ha skjedd ganske nyleg, fortel Kine Heggland Sælen.

Ho var likevel ikkje innestengt, vegen ut Moldadalen fungerte som omkøyring.

Steinspranget skjedde rett nedanfor Moldegård. Kart: Bjørnafjorden kommune)
Steinspranget skjedde rett nedanfor Moldegård. Kart: Bjørnafjorden kommune)

«Nokre kvadratmeter stor»

Teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune, Dag Søfteland, seier steinblokka blei fjerna fredag kveld.

– Steinen var ganske stor, eit par kvadratmeter, og veg nok over eit tonn.

Den store steinblokka blei slept ned bakken og ut av vegen.
Den store steinblokka blei slept ned bakken og ut av vegen.

Steinen blei slept ned Bjånesvegen og fjerna frå vegen. Vegen var open igjen cirka klokka 23.

– Eg har vore oppe og sjekka vegen og området i dag. Det er nok ikkje snakk om eit ras, men eit enkelt steinsprang. Årsaka har nok med sprengkulda vi hadde første halvdel av februar å gjera.

Den skal ikkje ha skadd asfalten verken då den raste ut eller i løpet av slepet.

Kommunen rydda skråninga for tre i februar for to år sidan.

Det er foreløpig ikkje bestilt geologisk undersøking, men kommunen vil sjølv sjekka skråninga så snart dei kan.

Steinen raste ut frå denne skråninga.
Steinen raste ut frå denne skråninga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.