Kultur | 30. aug. 2020

Steppin' Out slepp musikkvideo

Syng dikt av Bente Bratlund på Kjærlighetsstien i Hagavik.

Steppin' Out slepp musikkvideo
Jan Haaland og Kristine Bjånes frå Steppin' Out har sett melodi til eit dikt frå Bente Bratlund, denne melodien vart no også foreviga med ein eigen musikkvideo. (Foto: ØH)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 30. aug. 2020 07:38

Steppin' Out, med Jan Haaland og Kristine Bjånes i spissen, kom fredag med ein ny låt.

«Av og til treng ein berre» er skriven av forfattar Bente Bratlund frå Os, og er i utgangspunktet eit dikt, ein tekst som Haaland har sett melodi til.

To naturfotografar frå Os, Oddmund Lunde og Liv-Randi Lind, har laga musikkvideo til låten.

Videoen er spelt inn på Kjærlighetsstien ved Kysthospitalet i Hagavik.

Den blei lansert i dag:

(Artikkelen held fram under videoen)

– Eg personleg synest det er veldig kjekt at Jan lagar låtar, han har noko å koma med, seier musikar Kristine Bjånes.

– Og eg kjenner eg er stolt av at eit av mine dikt er blitt brukt. Etter å ha høyrd eit av Inger Hagerups dikt framført med melodi av Jan, hugsar eg at det var heilt fantastisk. At han no har laga melodi til eit av mine dikt, tenkjer eg er stort, påpeikar forfattar Bente Bratlund.

Den snart 75 år gamle musikaren tek audmjukt imot all skryten han haustar frå dei flotte kvinnene kring bordet.

– Dette er jo veldig kjekt å høyra, og fine kompliment å få, seier Jan Haaland.

Tidlegare i sommar debuterte han som soloartist.

Kvifor det vart nettopp Bratlund sitt dikt som skulle få seg melodi?

– Eg har lenge undra over kvifor musikarar ofte går over bekken for å henta vatn. Når vi har ein eigen poet i eiga bygd, så ville eg undersøka om vi kunne få synga nokre av hennar vers. Det var ekstra kjekt å setja tonar til dette flotte diktet, seier Haaland.

Steppin Out synest at Bente Bratlund med innsiktsfulle ord skildrar kor viktig det er at vi bryr oss og at vi viser omtanke for hverandre.

«I vår tolkning har vi valgt å se lyset i tunnelen. Det er blitt glade rytmer med fengende soloer og gitarriff. Begge vokalistene synger hver for seg og sammen.»

Her synar Jan og Kristine musikkvideoen til Bente for fyrste gong. (Foto: ØH)
Her synar Jan og Kristine musikkvideoen til Bente for fyrste gong. (Foto: ØH)

Blanke auge

Teksten til Bente Bratlund sitt dikt, «Av og til», handlar om dei små detaljane i livet.

– Dette er ein tekst som set lys på dei augeblikkene i livet der ein treng nokon. Det er ikkje alltid dei store tingene er dei viktigaste, altså den store blomsterbuketten, eller invitasjonen til den store festen. Men heller dei små tingene som gjer at ein føler seg sett, der ein føler seg verdsett og elska, forklarer Bratlund.

Det heile starta under ei bokutgjeving i Vognhallen tidlegare i år.

– Steppin' Out vart tidlegare i år invitert av Bratlund til å laga eit kunstnerisk innslag i samband med eit bokslepp. Her hadde vi sett melodi til dette diktet, og det vart godt tatt imot, seier Haaland.

Og Bratlund stadfestar at det vart ei flott seanse.

– Då vart eg blank i auga og håra reiste seg, det var så flott. Det var som om han verkeleg hadde forstått meininga med teksten, seier Bratlund.

Lokal produksjon

Det lokale samarbeidet tek ikkje slutt heilt endå, for no vart endå fleire sambygdinger involvert. På same måte som eit flott dikt fortjen å få tonar, fortjen ei flott låt ein musikkvideo.

– Oddmund Lunde og Liv-Randi Lind er jo to fantastiske fotografar som i ei årrekkje har dokumentert både natur og dyreliv i Bjørnafjorden. Dei har laga videoen og miksa saman eigne naturbileter med kunstbileter frå meg og innspeling av Kristine og meg her ute på Kysten, seier Haaland.

Etter å ha sett videoen for første gong hadde Bratlund nok ein gong blanke auge.

Endå fleire lokale krefter vart involvert, då inn mot sjølve produksjonen av låta.

– Tomtom studio, med Thomas Haugland og Myrna Braza. Dei er utruleg flinke folk, og klarer å få det beste ut av musikken din, avsluttar Haaland.

Av og til treng ein berre

Arrangement: Knut Vidar Garlid og Kristine Bjånes

Steppin’ Out
Jan Haaland - vokal
Kristine Bjånes - vokal
Knut Vidar Garlid - tangentar
Nils Midtseter - trommer

Gjestemusikarar:
Steinar Lyssand - gitarer
Tormod Bjånes - bass

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.