Sport | 28. jan. 2021

Stiller til start med nytt stål

– Ikkje ideelt, men dessverre nødvendig, seier Sverre før siste verdscuprunde.

Stiller til start med nytt stål
Sverre er ikkje i storslag, men stiller til verdscup med nye skøyter i morgon. (Bilde frå 2020, foto: Kristian Vårvik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. jan. 2021 12:57

Sverre Lunde Pedersen tok bronse i EM allround for to veker sidan, men var verken fornøyd med 7. plass på 5.000 meter eller 8. plass på 10.000 meter.

– Teknikken sit ikkje heilt i svingane, sa Sverre til Midtsiden etter EM.

Førre helg blei det 2. plass på lagtempo, men ein skuffande 9. plass på 1.500 meter og 7. plass i B-gruppa på 5.000.

– Eg merker at noko er gale med skøytene, og at eg bruker unødig mykje krefter. Dette igjen har sett seg litt i hoftene, fortel Sverre til Midtsiden.

– Det er det same utstyret eg har gått på dei siste sesongane, men eg har nok gått litt lenge på desse skøytene. Stålet blir retta opp og slipt etter løp, men no ser det ut som om stålet er for dårleg, og ikkje held figuren løpet gjennom.

Reserveskøytene er no henta fram.

– Skoen er den same, men stålet er nytt. Det er ikkje ideelt å skifta stål mellom to tette verdscupløp, men det skal i utgangspunktet vera likt som dei eg hadde.

– Du går likevel alle distansar i helga, eller sparer du deg for lagtempo eller 5.000?

– Planen er å gå alt, svarer Sverre.

Det betyr lagtempo fredag, 1.500 meter laurdag og 5.000 meter søndag.

Ikkje samanliknbart

Han er plassert i B-gruppa på 5.000 meter grunna få løp etter hoderystelse førre sesong, og svake resultat på 5.000 dei få han deltok i.

Sånn gjekk det med dei norske på 5.000 søndag:
1. Hallgeir Engebråten 6:09.219
6. Peder Kongshaug 6:19.182
7. Sverre Lunde Pedersen 6:19.570

Sverre si tid var betre enn Ted-Jan Bloemen, som kom på 12. plass av 16 deltakarar i B-gruppa med tida 6:19.675.

– Det er likevel ikkje samanliknbart. I B-gruppa går vi ikkje 2 og 2, men 4 og 4. Samtidig er det gjerne minst 4 deltakarar i oppvarming. Det skaper betre forhold, for det er meir rørsle i lufta når fleire er i sving.

– Du går fortare i B-gruppa enn A-gruppa, forklarer han.

Sånn var topp 3 i A-gruppa:
1. Patrick Roest 6:05.145 som er ny banerekord
2. Sven Kramer 6:11.809
3. Sergey Trofimov 6:11.945

Det betyr at Hallgeir Engebråten si tid, om tidene var samanliknbare, ville vore god nok til 2. plass.

– Eg hadde blitt overraska om Hallgeir gjekk på den tida i A-gruppa, men er uansett imponert over han! Hallgeir gjekk eit kjempeløp.

Årets sesong består av EM, to verdscupar og VM om to veker.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.