Lokal | 08. juli 2020

Stolen hjartestartar funnen under ransaking

Erkjente begge tjuveria frå Kuventræ.

Stolen hjartestartar funnen under ransaking
Hjartestartaren som heng på kiosken på Kuventræ har berga liv. I går fann politiet ut kven som har stole den to gongar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. juli 2020 07:34

I samband med etterforsking av eit innbrot på Kuventræ barneskule i mai, var politiet i går kveld på ransaking på ei adresse i Os.

Der fann dei hjartestartaren som blei stolen frå utsida av kiosken til Os Fotball på Kuventræ for to veker sidan.

– Mistenkte, ein mann i 20-åra, erkjente å ha stole hjartestartaren, fortel politioverbetjent Thomas Juulseth.

– Han innrømte òg å ha stole hjartestartaren som forsvann i oktober i fjor, men vi fann berre denne eine i går.

Både i fjor og slutten av juni var sponsorar raske på banen og erstatta hjartestartaren. Os Turnforening er opptatt av at det skal vera ein hjartestartar tilgjengeleg utandørs, noko støttespelarar er einige i.

– No skal vi i dialog med Os Turnforening, så dei kan få denne tilbake. Eg reknar med dei vil gi den til leverandør for inspeksjon før dei eventuelt henger den ein annan stad på Kuventræ, eller har den i reserve.

Innrømmer ikkje innbrotet på skulen

Mistenkte innrømte ikkje innbrotet på Kuventræ, der det blei stole minst to pc-ar.

Politiet fann heller ikkje noko som kan knyttast til dette innbrotet på adressa, men mannen opprettheld statusen som mistenkt.

Politiet vil foreløpig ikkje seia kva spor eller bevis som leia til mistanke og ransaking.

Fleire feilparkeringar på Halhjem

Det siste halve året har politiet skrive ut fleire parkeringsgebyr på Halhjem ferjekai.

I går var dei utom fejrekaien igjen, då blei det gebyr på minst tre bilar som sto parkert på fortau.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.