Fotball | 03. juli 2020

«Stortalentet Kolskogen imponerte igjen»

Ole Martin haustar rikeleg med ros, og er kåra til Brann sin beste i gårsdagens bortekamp.

Kolskogen var avgjerande og banens beste då Brann slo Sarpsborg på bortebane i går. (Foto: Vegard Wivestad Grøtt, Bildbyrån)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. juli 2020 07:01

Osingen Ole Martin Lekven Kolskogen (19) spelte i går sin femte av fem moglege kampar for SK Brann.

Det blei ingen storkamp borte mot Sarpsborg, men både TV-kommentatorane, VG, bergensavisene og Twitter er rause med skryt av 19-åringen frå Os.

– Han spelte sin kamp nummer 4 frå start, det såg ut som om det var den 104., skriv Bergens Tidende og gir han karakter 7 på spelarbørsen.

I dei to første kampane han spelte fekk han 6 på spelarbørs. I går vann han dei fleste duellane med Sarpsborg-spiss Jørgen Strand Larsen, nokre av dei var resultatavgjerande. Han fekk òg sitt første gule kort i Eliteserien, sjølv om han ikkje gjorde anna enn å stå støtt mens Strand viste frustrasjon og sinne.

– Den yngste ble den beste, skriv BA, også dei med 7-ar på børs til Olis frå Os.

– Branns tenåringsfunn Ole Martin Kolskogen imponerte voldsomt med raske føtter og lange tær. 19-åringen drev Sarpsborg-spiss Jørgen Strand Larsen til desperasjon foran Brann-målet, skriv VG.

Midtsiden har foreløpig ikkje lykkast i å få tak i Ole Martin.

Kolskogen sine kampar til no:
Haugesund - Brann 1-2: Frå start og 86 minutt
Brann - Viking 3-0: Frå start og 74 minutt
Ålesund - Brann 2-2: Kom innpå i 72. minutt
Brann - Rosenborg 1-2: Frå start og heile kampen
Sarpsborg - Brann 0-1: Frå start og heile kampen

Neste kamp er borte mot serieleiar Bodø/Glimt søndag frå klokka 18. Kampen blir sendt på Eurosport Pluss 1.

Også i sosiale media haglar det med lovord etter gårsdagens kamp - her frå Twitter:

Tror vi kan slå fast at Kolskogen neppe kommer til å tilbringe hele karrieren i norsk fotball
@iPrimaPunta, Thomas Høy

Kolskogen er den beste midtstopperen som har kommet fra Norden de siste 20 årene
@VetleHope

Nå må noen gi Kolskogen livstidskontrakt og kapteinsbindet
@oyvinden

Vet jeg skryter mye av Kolskogen, men det er bare så utrolig gøy og viktig å ha en sånn spiller i Brann. Stolt av deg Kolskogen!
@gjertm

Vi må bare prise oss lykkelige for at vi lever i en tid der vi får lov til å oppleve en spiller som Kolskogen
@Seanrosk

Kolskogen har hele Sarpsborg i lommen.
@lambrechts)

Og Ole Martin Kolskogen med en helt fantastisk kamp.
@humanizzzimo, John Scones

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.