Samferdsle | 07. juni 2024

Streik kan ramma eitt av sambanda i Bjørnafjorden

Natt til laurdag eller laurdag morgon kan det bli streik.

Streik kan ramma eitt av sambanda i Bjørnafjorden
Ferjene frå Hatvik og Halhjem (bildet) vil gå som før, òg om det blir streik natt til laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. juni 2024 10:32

Fleire avgangar og enkelte samband i Vestland kan bli påverka av streik frå fredag 7. juni ved midnatt (natt til laurdag).

I lista Skyss i dag har sendt ut, er det ingen av fylkesveg-ferjesambanda i Bjørnafjorden kommune som blir ramma.

Altså styrer Hatvik-Venjaneset og Halhjem-Våge unna, i alle fall i første omgang av ein eventuell streik.

Men i Statens vegvesen si oversikt over riksveg-ferjesamband som kan bli ramma frå klokka 06.00 laurdagh 8. juni ligg Halhjem-Sandvikvåg.

Vegvesenet skriv: Sandvikvåg – Halhjem: Rute 4 og 5 vil bli innstilt.

Operatør er som kjent Torghatten Nord.

Riksveg-ferjene (vegvesenet)

Drag – Kjøpsvik: Sambandet vil bli stengt. Operatør: Fjord1

Bognes – Skarberget: Rute B vil bli innstilt. Operatør: Fjord1

Bognes – Lødingen: Rute C vil bli innstilt. Operatør: Torghatten Nord

Halsa – Kanestraum: Rute C vil bli innstilt. Operatør: Fjord1

Molde – Vestnes: Rute C vil bli innstilt. Operatør: Boreal Sjø AS

Festøya – Solavågen: Rute C vil bli innstilt. Operatør: Norled

Anda – Lote: Ferje II vil bli innstilt. Operatør: Fjord1

Oppedal – Lavik: Rute B vil bli innstilt. Operatør: Norled AS

Sandvikvåg – Halhjem: Rute 4 og 5 vil bli innstilt. Operatør: Torghatten Nord

Mortavika – Arsvågen: Rute D vil bli innstilt. Operatør: Fjord1

Hjelmeland – Nesvik – Ombo (Skipavik): Rute II vil bli innstilt. Operatør: Norled

Moss – Horten: Redusert kapasitet mellom kl. 0800 - 2000. Se egen rute ved streik. Operatør: Bastø Fosen

Fylkesveg-ferjesambanda (Skyss)

Følgande ferjesamband kan bli tatt ut i streik:
1026: Jondal - Tørvikbygd: Ferje 2
1027: Gjermundshamn - Varaldsøy - Årsnes: Ferje 1
1032: Skjersholmane - Ranavik: Ferje 2

Følgande båtruter kan bli tatt ut i streik:
390: Nordhordlandsruta
2080: Sunnhordlandsruta: Rute 3

Både Statens vegvesen og Skyss oppmodar reisande om å halda seg oppdatert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.