Sport | 28. apr. 2010

Surfing i Danmark

Vanlegvis bryner dei seg på vinden i Bjørnefjorden. Men éin gong i året går turen til Os-surfarane til meir stabile forhold.

Surfing i Danmark
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 28. apr. 2010 06:10

Bildeserie:

1 av 10

Osingen Tommy Nystad byrja å surfa i 1986, medan han framleis budde i Lofoten. Ole Petter Mathiessen fekk først kontroll på seglet då han i 1997 flytta frå Bergen til Os.

- Vi har gode forhold her i fjorden, rundt Søre Øyane, eller utanfor Os når det bles frå sør eller sørvest, utanfor Askvik når vinden kjem frå nordvest, seier Ole Petter.

Over bekken etter vatn
Trass i gode lokale forhold tar dei seg kvart år ein tur til Danmark for å surfa.

- Eg var til Danmark med Bodø Brettseileklubb i 1991, og det gav meirsmak. Mykje vind og stabil vind, og store flak med rundt 1,5 meter grunt vatn gjev gode forhold, fortel Tommy.

- Vi plar reisa om hausten, men våren er også ei fint tid. Då er det mindre turisme, meir romsleg på strendene og lågare prisar på tur og opphald.

Noko for alle
Dei to surfarane har møtt fleire andre frå nærområdet med same interesse. I haust var dei fem osingar på tur til Klitmøller, 10 minutt med bil sør for Hanstholm.

Her budde dei ved Vandet Sø, eit godt utgangspunkt til fleire gode surfeplassar.

- Det er noko for alle nivå, ulike typar vind og bølgehøgder, og som oftast grunt vatn, der det er lett å koma seg opp igjen på brettet, eller i det minste å prøva på nytt.

Reise, opphald og pris
Ole Petter, Tommy og resten av reisefølgjet tok bil med seg på danskebåten og leigde hus via Novasol.

- Vi betalte rundt 1100 kroner for bil tur retur og 6000 kroner for 5-6 dagar i eit 150 kvadratmeter stort hus med innandørs symjebasseng. Totalt kosta turen knappe 5000 kroner per mann.

Samlast på nett
Tommy og Ole Petter inviterer samstundes surfeinteresserte å ta kontakt med dei via heimesida oswindsurfing.com.

Med denne samlingsplassen håpar dei på å finna fleire å surfa med, både lokalt og når dei skal ut av bjørnefjordsregionen med seglbretta.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.