Lokal | 12. juni 2020

Takk og farvel til Hordfast AS

Lesarinnlegg: Tysdag kvittar Bjørnafjorden kommune seg med aksjar for 20 000 kroner i Hordfast AS. Sjølve pengesummen er beskjeden, men salet er viktig for lokaldemokratiet.

Takk og farvel til Hordfast AS
Bjørnafjorden kommune vil ut av Hordfast og bruka kreftene på endring av trasé frå midtre (bildet) til indre om Fusahalvøya. (Ill.: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juni 2020 17:42

Samarbeidspartia Ap, Sp, MDG, KrF og SV jobbar for å realisere ferjefri kyststamveg gjennom Fusa. Det betyr samstundes at vi seier nei til bru over Bjørnafjorden og motorveg over Ulvenvatnet.

Vi har alt sendt brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med beskjed om at Bjørnafjorden kommune ønsker ordinær kommunal planprosess for E39 Stord–Os; og ikkje statleg planprosess slik det er lagt opp til.

I kommunestyret tysdag frigjer vi oss ytterlegare frå bindingane til Hordfast-prosjektet. Då vedtek vi å selja eigarposten i Hordfast AS, som Os kommune kjøpte for to år sidan.

Salet er ikkje økonomisk motivert. I beste fall får vi attende det vi betalte for aksjane. Hordfast AS er pådrivar for eit prosjekt som vi ikkje ønsker. Det har ingen verdi for oss å stå som eigar i eit lobbyselskap som tener andre interesser enn dei Bjørnafjorden har.

Samarbeidspartia har høge ambisjonar for korleis vi skal utvikla den mangslungne kommunen vår.

For oss er det viktig å sitja i førarsetet slik at vi kan finna framtidsretta løysingar for samferdsle og kommunikasjon for heile Bjørnafjorden. Vi ønsker også å stå fritt til å velja alternativa med minst inngrep i natur og miljø. Slik kan vi bidra til berekraftig utvikling i kommunen vår.

Tysdag seier vi takk for oss i Hordfast AS – og ingen treng vera i det miste tvil om kvar vi kjem til å leggja ned innsats og krefter framover: Vi skal byggja Bjørnafjorden!

Atle Kvåle, gruppeleiar Arbeidarpartiet
Terje Sperrevik, gruppeleiar Senterpartiet
Nils-Anders Nøttseter, gruppeleiar Miljøpartiet Dei Grøne
Bjarte Samnøy, gruppeleiar Kristeleg Folkeparti
Asle Olsen, gruppeleiar Sosialistisk Venstreparti
Harald Lekven, uavhengig

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.