Sport | 22. juni 2020

Tatt ut på skyggelandslaget

Ho har mista dei to siste samlingane, likevel er Nora B. Nøss framleis i kikkerten til landslagsleiinga.

Tatt ut på skyggelandslaget
Nora, her mellom Guro Reiten og Håvard Grøttland på Equinor-leiren i fjor, skal til Porsgrunn i august. (Foto: NFF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. juni 2020 12:23

Før helga blei det klart at årets Equinor Talentleir ikkje blei avlyst, men utsett frå juli til august. I dag kom uttaket.

Nora Blindheim Nøss frå Os Fotball, som fyller 15 år til hausten, er i dag tatt ut til skyggelandslaget under Equinor Talentleir i Porsgrunn 3. til 7. august.

– Eg var skadd og måtte stå over samlinga i januar. Samlinga i mars blei avlyst grunna korona. Dei har ikkje sett meg spela fotball sidan Equinor-leiren i fjor, så eg er veldig glad for at eg blei tatt ut, seier Nora til Midtsiden.

Jenter 14, 15 og 16 år har samling 3. til 7. august, gutane i same alder har samling frå 8. til 12. august. Til dei to eldste trinna er det tatt ut landslag og skyggelandslag.

Nora er einaste frå Os i dei seks uttaka.

Ei av fem jenter frå bergensområdet

I J15-klassen er det tatt ut 20 spelarar på landslaget og 22 på skyggelandslaget.

Forutan Nora er det to andre frå bergensområdet på skyggelandslaget, Nora Thomassen (Askøy) og Tea Lunde (Lyngbø), og to på landslaget, Ragnhild Skage (Bønes) og Amalie Mørner (Loddefjord).

Desse er naturlegvis òg på kretslaget, men Nora er på kretslaget for årstrinnet over.

– Vi har hatt nokre treningar saman, så eg kjenner dei litt. Eg gler meg til å treffa både dei og resten av dei to troppane til trening i Porsgrunn. Det er på gras, som er uvant for dei fleste av oss, men veldig lærerike og gode økter, seier Nora.

I mai trente ho med toppserieklubben Arna-Bjørnar, men treningskvardagen sin har ho med gutar 15 på Kuventræ.

– Desse spelarane er tatt ut fordi vi enkelt og greit ser på dei som Noregs største talent i sin årsklasse. Dette er morgondagens heltar, og dei har mykje å leva opp til. Dei aldersbestemte landslaga våre har verkeleg markert seg i Europa dei siste åra, seier ansvarleg for Landslagsskolen i NFF, Håkon Grøttland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.