Tatt utan lappen - mistenkt for rus
Fann stoff på ung bilførar.

Laurdag i 12-13-tida på dagen stoppa politiet ein bilist utan førarkort.
– Vedkomande er mistenkt for køyring i rus. Det blei òg funne noko stoff på bilførar, eller i bilen, som vi mistenker er narkotika, seier politioverbetjent Atle Birkeland.
På lett MC utan lappen
Fredag i 20.30-tida blei ein lett motorsykkel stoppa på Nore Neset.
Førar, ein tenåring under 18 år, har ikkje førarkort.
– Det framsto som om han hadde lånt sykkelen ein tur, men har altså ikkje lov å køyra den.
Foreldre er kontakta og guten er meldt.
Utan informasjon om ungdomsfesten
Søndag blei det kjent at ein elev på vidaregåande skule, som testa seg fredag og var på fest på Kuventræ i helga, har fått positivt svar på covid-19.
Os vgs har heimeskule i dag. Sjølv om eleven ikkje er frå den skulen, var fleire elevar på same fest.
Også elevar frå andre vidaregåande skular i Bjørnafjorden og Bergen deltok, og er i karantene.
– Vi fekk ikkje tips om denne festen, og kjenner ikkje til saka anna enn gjennom media, seier Birkeland.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.