Lokal | 25. feb. 2021

Tid for ein klem?

Nye besøksrutinar: Forskjell på vaksinerte og uvaksinerte bebuarar.

Tid for ein klem?
Luranetunet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. feb. 2021 10:31

– Å få besøk av fleire slektningar og vener er nok blant det bebuarane saknar mest, sa sjukeheimoverlege Maren Nygard til Midtsiden i førre veke.

Alle bebuarar som takka ja til vaksine fekk dose to for to veker sidan, og er no fullbeskytta. Det gjekk mot lettare reglar, og spesielt det å auka frå to faste personar til å kunna ta imot fleire.

I dag er nye reglar på plass.

– Med fleire koronavaksinerte bebuarar og besøkande, kan vi heldigvis gjera besøksrutinane ved sjukeheimane våre noko enklare, skriv Bjørnafjorden kommune.

Den største forskjellen er at kven som helst av symptomfrie slektningar og vener no kan koma på besøk.

Vaksinerte bebuarar kan ha nær fysisk kontakt, til dømes gi ein klem, til eit avgrensa tal uvaksinerte besøkande. Desse må vera dei same over tid.

Dersom både bebuaren og dei besøkande er vaksinerte, er det ikkje restriksjonar på talet besøkande.

Uvaksinerte bebuarar bør unngå tett kontakt ansikt til ansikt.

Alle bebuarar kan ta imot gåver, blomar og liknande.

Sjå oversikt over reglane og kontaktinformasjon til avdelingane på kommunen sine heimesider.

Det er ikkje skrive noko om kor tid desse nye reglane trer i kraft, så vi kan truleg rekna med at dei allereie er gjeldande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.